Rogaland tar grep mot smittsam hjernehinnebetennelse
Etter Oslo er Rogaland fylket med flest tilfelle av meningokokkinfeksjonar dei siste 20 åra. No blir russen tilbodne gratisvaksine.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tal NTB har henta frå Folkehelseinstituttets meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) viser at Rogaland i perioden 1999–2018 hadde 81 registrerte tilfelle av systemisk meningokokksjukdom. Det er nest flest i Noreg etter Oslo, som hadde 119. Deretter følgjer Akershus og Hordaland med høvesvis 71 og 70 tilfelle.
Unge er mest utsette, og 73 prosent av dei smitta i Rogaland var under 20 år. På landsbasis er delen smitta i denne aldersgruppa 62 prosent.
Les også om Hollywood-skodespelaren som oppfordrar fedrar til å prate med døtrene sine om mensen.
Kosta 490 kroner
Sandnes og Stavanger kommunar tilbyr no russ og avgangselevar gratisvaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse. Tidlegare er vaksinen tilboden til i underkant av 500 kroner, men no blir den altså gratis i oljekommunane.
– Det er veldig bra at dette arbeidet no har komme i gang, og forhåpentlegvis er dette ei ordning som vil fortsetje i mange år framover, seier assisterande helsesjef Marit Anda i Stavanger til Stavanger Aftenblad.
Sandnes kommune vedtok i november å tilby gratis vaksine til kommande russekull. I mars foreslo Arbeidarpartiets ordførarkandidat Kari Nessa Nordtun det same for Stavanger og fekk gjennomslag.
Les også: – Når vaksne pratar alvor om sex, så pratar dei til jentene
Russetida er sårbar
Hjernehinnebetennelse er utbreidd blant russen, som skal gjennom seks veker med potensielt mykje tett fysisk omgang, festing, alkoholinntak, deling av flasker og sigarettar og lite søvn. Det kan auke smittefaren i kombinasjon med nedsett immunforsvar, noko som gjer russen utsett for smitte av smittsam hjernehinnebetennelse.
Helsesjef Anda påpeikar at Folkehelseinstituttet tilrår vaksine til ungdom i alderen 16 til 19 år, og særleg dei som skal delta i russefeiringa. Vernet varer i rundt fem år, og vaksinasjon i byrjinga av vidaregåande skule vil dermed òg gi vern i russetida.