Hollywood-skodespelar: Lat oss prate om mensen!

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om du er ute og handlar for dottera di, så veit du kva mat ho likar, sant? Men når det kjem til bind og tampongar, så har du ikkje peiling.

Det seier den walisiske skodespelaren Michael Sheen i ein kampanjevideo. 50-åringen, som har ei dotter på 20 år, vil ikkje lenger vere taus. Saman med den britiske organisasjonen Hey Girls, vil han bryte ned stigmaet rundt mensen og starte samtalen mellom fedrar og døtrer.

#Pads4dads, slik at også pappa kan kjøpe bind og tampongar:

Les også om den nye mensen-emojien: No treng du ikkje lenger seie at «Tante Raud» er på besøk! 

«Let’s start the bloody conversation»

I førekant av kampanjen bestilte Hey Girls ei spørjeundersøking som synte at berre 41 prosent av fedrane sa dei var komfortable med å prate om mensen med ungane sine.  Nesten halvparten hadde ikkje snakka med døtrene om menstruasjon.

I tillegg var det berre 4 av 10 fedrar som svarte at dei hadde lært om menstruasjon på skulen. Då kan det vere vanskeleg å vete i kva ende ein skal byrje. Organisasjonen har difor alliert seg med eit knippe fedrar til å lage ei kort og grei innføring i kva som er greia med mensen: kva teikn dei kan sjå etter, kva dei forskjellige produkta er, og korleis dei kan bu seg.

Og sist, men ikkje minst, tips til korleis dei kan starte samtala med døtrene sine, sønene og borna som identifiserer seg som ikkje-binære.

Les også meiningsinnlegget: Kjære Bent Høie og Nikolai Astrup, la oss snakke om mensen!

#FreePeriods

Det er ikkje berre skodespelarar som engasjerer seg for å bryte ned mensen-tabu, og hjelpe jenter og kvinner som ikkje har råd til sanitærprodukt.

I haust starta 18 år gamle Amika George rørsla #FreePeriods, og samla inn over 180 000 underskrifter for gratis bind og tampongar til jenter frå låginntektsfamiliar i Storbritannia.

I fjor deltok Amika George på ein TEDx-arrangement der ho fortalte om #freeperiods. Foto: Wen-Yu Weng, TEDx CoventGardenWomen

I fjor deltok Amika George på ein TEDx-arrangement der ho fortalte om #freeperiods. Foto: Wen-Yu Weng, TEDx CoventGardenWomen