Nynorsk er ikkje nemnd med eitt ord i Mediestøttemeldinga

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag la kulturminister Trine Skei Grande (V) fram Mediestøttemeldinga. Kringkastingsjefen, kring 200 redaktørar, journalistar og andre pressefolk sat spent og følgde med.

I denne meldinga legg regjeringa fram forslag til korleis NRK, aviser og andre medium skal kunne få støtte i framtida.

Framtida.no fekk fem minuttar til å intervjua kulturministeren:

– Nynorsk er ikkje nemnd med eitt ord i Mediestøttemeldinga…

– Fri og bevare meg! Heile meldinga er jo på nynorsk! Eg har ikkje levert frå meg ei einaste melding som ikkje er på nynorsk, utbryt kulturministeren med eit smil, og held fram:

– Det står litt om samisk og kvensk, og dei andre mindre språka. Men meldinga er skriven på nynorsk. Det har eg pressa departementet veldig hardt på mange gonger, så det må dei ha kred for.

– Men korleis er denne meldinga med på å styrkja nynorsken?

– No har me vore med på å styrkja nynorsken i veldig mange budsjettrundar. Seinast med nynorskroboten og måtane me har styrkt den nynorske infrastrukten. Men når me snakkar om mediepolitiske skuggar, så handlar det også om temaet nynorsk. Eg meiner ein må ha ekstra tilskot for dei som jobbar med dei tema som kan bli medieskuggar. Og nynorsk er jo absolutt eit sånt felt framover. Me understrekar veldig i språkforvaltninga kor viktig media er for å forvalta språk. Og så kjem me nok med andre tiltak når me kjem med språkmeldinga og språklov.

Eg meiner ein må ha ekstra tilskot for dei som jobbar med dei tema som kan bli medieskuggar. Og nynorsk er jo absolutt eit sånt felt framover.

– Kan eit av styringssignala du gjev til det komande Mediestøtterådet vera nynorsk?

– Ja, det kan det godt vera når me skal vedta målsetjingar. Det ville forundra meg om me ikkje har nokon språkpolitiske mål for journalistikken som er ein så viktig del av forvaltninga av språket vårt.

– Bør skjerpa seg!

Mediestøtteordninga legg opp til å omfordela noko av støtta som dei tospråklege meiningsberande avisene får i dag. Mange spekulerer i om både Morgenbladet og Dagbladet kan få støtte. Då blir det i så fall omfordelt støtte frå aviser med temmeleg mykje nynorsk, til aviser der nynorsk er sjeldsynt. Dagbladet har i dag forbod mot at eigne journalistar får bruka nynorsk på redaksjonell plass.

– Kan ei riksavis som har forbod mot nynorsk få mediestøtte med den nye ordninga?

– Nei, først og fremst bør dei jo rett og slett skjerpa seg, seier Trine Skei Grande og ler.

– Men det eg ønskjer med ein sånn type støtte er at eg som politikar heller skal få lov til å seia at dei bør skjerpa seg, og så er det nokon andre som vurderer kva støtte dei skal få, for å skilja det.

Overskrifta på Mediestøttemeldiga er «Mangfald og armlengds avstand».

– Men i styringssignala du gjev, så kan du seia at dei som får støtte skal tillata begge dei offisielle målformene våre?

– Det kan jo godt vera. Men eg ser for meg at me skal styra det på ein annan måte. Me skal leggja til rette for breidda, og så skal me også leggja til rette for medium som gjer val me er usamde, og så får me heller ta dei debattane.

LES OGSÅ: Røe Isaksen: – For lite nynorsk i riksmedia

– Viktig forsvarar av norsk språk

– På kva måte set Mediestøttemeldinga mediepolitikken i samanheng med språkpolitikken?

– Medium er så viktig forvaltarar av norsk språk. Mykje av grunngjevinga for å ha NRK handlar jo mykje om norsk språk. Me treng ein allmennkringkastar som forvaltar språket vårt. Me er pittelite land, med eit pittelite språk, me treng ekstra støttetiltak for å halda på språket og kulturen vår. Då er allmennkringkastinga viktig, men også at det er skrivande fagfolk som skriv. Tekstar som me les kvar dag er viktig for språket vårt.

– Korleis kan barn og unge få eit betre medietilbod?

– Det er ein av grunnane til at me legg fram denne meldinga. Og ein av grunnane til at me legg om lisensen. Me vil ha mykje meir teknologinøytrale støtteordningar, som sikrar at det er kvalitet på plattformar. Me ser at ungdom i dag ikkje betaler lisens, og ikkje skjønar poenget med å betala lisens. Kvifor skal eg betala ei avgift for eit tvapparat eg ikkje bruker? Over tid så håpar eg me no lagar struktarar som både gjer at media får utvikla seg for å nå nye grupper heile tida, men også at nye grupper føler at dei innkrevjingsordningane, den spleisen, er legitim hos dei. Slik at dei får tilbake på det dei bidrar med.

LES OGSÅ: NRK får kritikk for lite nynorsk og samisk

Over tid så håpar eg me no lagar struktarar som både gjer at media får utvikla seg for å nå nye grupper heile tida