Nynorsk pressekontor får pengar til nynorskrobot

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 17.12.2018 12:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det hadde vore eit kjempeløft for nynorsk i media om dette fungerer. Det vil gjere nynorsk meir tilgjengeleg og synleg i media, og det er det vi jobbar for kvar dag, sa Karoline Riise Kristiansen, redaktør i Nynorsk pressekontor til Framtida.no tidlegare i år.

Nynorsk pressekontor (NPK) får 800.000 kroner i ekstratilskot frå Kulturdepartementet for å utvikla ein robot som kan omsetje tekstar frå bokmål til nynorsk.

Pengane kjem på toppen av det årlege driftstilskotet frå staten på om lag 6 millionar kroner.

– For å sikre nynorsk som mediespråk, er det avgjerande at den teknologiske utviklinga i bransjen også kjem det nynorske språket til gode, seier kulturminister Trine Skei Grande (V) i ei pressemelding.

Målet er at nynorskroboten skal bidra til auka likestilling mellom nynorsk og bokmål.

NPK er ei eiga stifting med seks årsverk som samarbeider tett med NTB.