Røe Isaksen: – For lite nynorsk i riksmedia

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For lite nynorsk i riksmedia

I helga melde VG at prinsesse Ingrid Aleksandra har fritak frå nynorsk – på nynorsk.

Sjølv om sjølve nyheita ikkje fell i smak hjå målfolket, har målforma vekt åtgaum blant Twitter-brukarane:

LES OGSÅ: Fosse ut mot språktvang for journalistar

Kunnskapsministeren for nynorsk
Ein av dei som kasta seg på, var kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen:

Via ein presseperson i Kunnskapsdepartementet forklarar kunnskapsministeren sitt syn på saka.

«Eg likar å lese både nynorsk og bokmål, men eg meiner det er for lite nynorsk i riksmedia. Begge målformene er ein viktig del av den norske kulturen, difor er det nødvendig at vi møter begge målformene i kvardagen,» skriv kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Han kommenterer ikkje VG-saka om at prinsesse Ingrid Aleksandra har fritak frå sidemål, som i dette tilfellet er nynorsk.

Både Høgre og ungdomspartiet deira har i mange år teke til orde for valfritt sidemål.

LES OGSÅ: Nynorsk-misnøye i Høgre

Språknorm: Moderat bokmål
Ansvarleg redaktør i VG, Torry Pedersen, svarar i ein e-post til Framtida.no at VG nokre få gongar nyttar nynorsk  på reportasje- eller kommentarplass.

– Då er det anten journalistisk grunngitt, det kan vere eit tabloid grep og/eller sakene handlar om norsk språkstrid. Den aktuelle saka med prinsesse Ingrid Alexandra hadde i seg litt av alt, forklarar Pedersen.

Han har registrert rosen dei har fått i sosiale medier, men avviser at det er aktuelt å opna for meir nynorsk i avisspaltene deira.

– VG er ei riksavis og vår offisielle språknorm er moderat bokmål. Det ligg fast. Me legg vekt på å føra eit einsretta språk, fordi det etter vår oppfatning fungerer best.

LES OGSÅ: VG-redaktør vil ha meir nynorsk

Målungdomsskryt
Leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre, er ei av dei som jubla då VG skreiv nynorsk.

– Me er sjølvsagt positive og tykkjer det er veldig stas med nynorsk i VG. Dette er noko me vil ha meir av, seier Sætre.

Ho håpar VG merkar seg dei positive reaksjonane og merksemda saka har fått.

Sætre seier seg hjartans einig med kunnskapsministeren, men vert ikkje overraska over at VG ikkje vil opna for meir nynorsk i spaltene sine.

LES OGSÅ: BT feira Ivar Aasen på nynorsk – nynorskbrukarar takkar

VG sitt samfunnsansvar
Norsk Målungdom har tidlegare hatt kampanjar for å få tabloidavisene VG og Dagbladet til å opna for nynorsk, samt møtt Dagbladet til debatt om saka i Dagsnytt Atten.

– Me meiner at VG som ei riksdekkjande avis har eit samfunnsansvar for å anerkjenne at me har to målformer i Noreg. Nynorskbrukarane bør få sjå målforma si i avisene. I tillegg er det bra for bokmålsbrukarar òg å møte meir nynorsk i kvardagen, slik at ein opplever nynorsk som det bruksspråket det faktisk er, slår Sætre fast.

I dag følgjer VG opp saka om manglande sidemålsundervisning på Oslo International School, med sak om at investor Jens Ultveit-Moe (73) er glad for at dottera slepp nynorsk – på bokmål.