Folk flest er positive til innvandrarar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går fram av tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Undersøkinga har blitt gjennomført årleg sidan 2002 og viser at Noreg over tid har fått ei meir positiv haldning til innvandring. Noreg og dei andre nordiske landa er av dei i Europa som er mest positive til innvandring.

Les også: Innvandrarar har dårlegare levekår, men er likevel tilfredse

Stabilitet gjev positive haldningar

Utviklingstrekk i samfunnet som god økonomi, oppgang eller stabilitet i arbeidsmarknaden er faktorar som påverkar synet på innvandring i positiv retning, mens frykt for terror, økonomiske svingingar og talet på asylsøkarar har vist seg å påverke i negativ retning.

Fleire enn før har jamleg kontakt med innvandrarar. Heile 85 prosent av dei spurde har dagleg kontakt med innvandrarar og mindre enn ein prosent svarer at dei har hovudsakleg har negative opplevingar i møte med innvandrarar.

Funna i SSB-undersøkinga viser at det er høgt utdanna menneske som er mest positive til innvandring og viser til at framandfrykt er meir utbreidd blant dei med lågare utdanning. Ein grunn til dette kan vere at innvandring truar arbeidsplassane deira, kjem det fram i SSB-analysen av tala.

Les intervjuet med Mona Ibrahim Ahmed (26) og Hilde Sandvik (48), som har gitt ut boka «Brev til Noreg»:

– Det er ikkje så mange arenaar for gutar. Dei går gjennom same sosiale kontroll og same presset, seier Mona Ibrahim Ahmed, som saman med Hilde Sandvik har starta organisasjonen «Support not protect».