Nordmenn er blitt meir positive til innvandrarar
Fleire meiner det bør bli lettare for asylsøkjarar å få opphald, ifølgje nye tal frå SSB. Delen som meiner innvandrarar gjer ein nyttig innsats aukar også.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Haldningane til innvandrarar er blitt meir positive det siste året, ifølgje tal frå den årlege SSB-undersøkinga om temaet.
16 prosent meiner det bør bli lettare for flyktningar og asylsøkjarar å få opphald i Noreg, mens 52 prosent meiner det bør vere som i dag. 28 prosent av dei spurde i haldningsundersøkinga meiner det bør bli vanskelegare å få opphald.
– Dersom ein ser på utviklinga over tid, var delen som ønsker innstrammingar på 56 prosent tilbake i 2003. Deretter har den, med unntak for enkelte år, falle jamt og trutt fram til i fjor, fortel forskar Svein Blom i Statistisk sentralbyrå (SSB).
I 2016 ønskte 12 prosent lettar, mens 33 prosent ønskte innstrammingar i høve til opphald. 51 prosent ønskte ingen endringar.
Færre meiner innvandrarar fører til utryggleik
Delen som er einig i at «innvandrarar flest gjer ein nyttig innsats i norsk arbeidsliv», auka med 5 prosentpoeng frå 66 til 71 prosent, mens delen som er einig i at «innvandrarar flest er ei kjelde til utryggleik i samfunnet», gjekk ned med 5 prosentpoeng til 27 prosent.
25 prosent av dei spurde meiner at innvandrarar flest misbrukar dei sosiale velferdsordningane, mens 68 prosent meiner at innvandrarar flest styrkjer det kulturelle livet i Noreg.
Undersøkinga viser at det er dei yngste som er mest positive til innvandrarar.
– Haldningane til innvandrarar varierer etter bakgrunnsfaktorar. Utdanningsnivå og kontakt med innvandrarar er blant faktorane som betyr mest for utfallet ved kontroll for andre faktorar. Høg utdanning og stor kontaktflate til innvandrarar går saman med liberale haldningar, seier Blom.
Agder og Rogaland mest skeptiske
78 prosent av dei spurde oppgir å ha kontakt med innvandrarar, mot 72 prosent i fjor. Delen som vil mislike å få ein innvandrar som nabo er redusert frå 6 til 4 prosent.
– Også når det gjeld spørsmål om innvandrarar bør ha same moglegheit til arbeid som nordmenn, er det mindre endringar å spore i velvillig retning. Her sa 88 prosent seg einig, mens 65 prosent er einige i at arbeidsinnvandring frå ikkje-nordiske land bidrar positivt til norsk økonomi, opplyser Blom.
Det er innbyggjarane i Agder og Rogaland som er dei mest skeptiske til om innvandrarar bør ha same moglegheit til arbeid som nordmenn.
- FÅ OGSÅ MED DEG: Dei mest utsette i arbeidsmarknaden er mest negative til innvandring