Venstre-ordførarar: – Vestland kan bli fossilfritt!
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Helene Frihammer, leiar i Klimapartnere Vestland, kjem med ei stor utfordring til alle politikarar som stiller til val i Vestland i 2019: Kan Vestland setje seg mål om å bli fossilfritt innan 2030 – som den fyrste regionen i Noreg?
Venstre vil ta utfordringa
Vi og Venstre i Vestland er villige til å ta utfordringa. Vi trur det er mulig, og at Vestland kan bli fossilfritt fyrst i Noreg. Hovudårsaka til det, er tempoet og trykket næringslivet på Vestlandet no set inn i grøn omstilling. Små og store bedrifter i by og bygd finn nær sagt månad for månad nye, betre, grønare løysingar som fører oss nærare målet om eit fossilfritt samfunn.
Vestland kan bli fossilfritt fyrst i Noreg
Helene Frihammer teiknar sjølv opp eit “vegkart” i fire punkt for at kommunar og fylke i Vestland kan bli fossilfrie i 2030: Fossilfri energi, fossilfri transport, fossilfrie hamner/maritim sektor og grøne nærings-moglegheiter.
På alle desse punkta er det etter Venstre sitt syn råd å kome i mål til 2030. Innanfor energi har til dømes Eid i Sogn og Fjordane synt at ein med å varme opp bygg med vatn frå fjorden (fjordvarme), kan oppnå rein og billeg oppvarming skreddarsydd naturen på Vestlandet.
Les også: Berre 1 av 5 kommunar følgjer miljøkrav i anbod, viser ei undersøking gjort av Framtida
Elektriske fly og hurtigbåtar
Det er også i åra framover fullt mulig å bygge med passiv-husstandard og investere i solcellepanel og andre former for lokal energilast med god lønsemd for eksisterande bygg – dersom politisk vilje lokalt er til stades. Vestland fylke kan som byggherre syne veg, og gjere alle fylkeskommunale bygg klimanøytrale i god tid før 2030.
I transportsektoren går utviklinga mot fossilfrie løysingar i eit enormt tempo. Heile ferjeflåten vil vere bytt ut til nullutslepps-ferjer før 2030.
Nyleg annonserte Widerøe at dei framskundar sine planer om å få kortbanenettet over på elektriske fly frå 2040 til 2030. Utskiftinga av bilparken pågår for fullt.
No gjenstår snart berre “klimaversting nr 1” innan transport i Vestland: Hurtigbåtane. Venstre vil gjere det vi kan for å få på plass krav om nullutslepps-løysingar også her i åra som kjem.
Les fleire av funna frå Framtida si store klimaundersøking: Store forskjellar i klimamåla til kommunane
Trur på større vestlandsmusklar
Venstre har vore ein pådrivar for å få auka dei statlege løyvingane til utvikling av ny, klimavenleg transport til sjøs og hamner med ladeinfrastruktur. No kjem dei fyrste hamnene med landstraum også i Vestland. Med nye strenge miljøkrav til cruise-trafikken og rivande teknologisk utvikling på alle typar skip ligg alt til rette for at sjøtransporten på Vestlandet både aukar og blir fossilfri.
Eit «Fossilfritt Vestland» er eit perfekt felles dugnads-prosjekt
Venstre trur ein ny og større region på Vestlandet kan ha musklane dagens fylkeskommuner ikkje har for å ta det store spranget over i ei fossilfri framtid. Eit «Fossilfritt Vestland» er eit perfekt felles dugnads-prosjekt der både storby og distrikt i nye Vestland kan spele på lag – og ha ei rolle i å nå felles mål.
Samtidig treng vi at staten stiller opp og backar oss på vegen. Når Noreg har leia an globalt i overgang til elbil, er det fordi staten har prioritert det over statsbudsjettet og sett bilkjøparane i stand til å gjere klima-rette val. Det same spleiselaget må staten då vere med på i den store dugnaden for å gjere Vestland fossilfritt.
Venstre har leia an i norsk miljøkamp i 50 år. Å bryte ny veg i miljøpolitikken har tradisjonelt vore ein seig kamp mot dei store, etablerte partia på raud og blå side av politikken – Ap og Høgre.
Det er opp til oss politikarane å henge med i svingane
Sak nr 1: Fossilfritt Vestland
No er verda i ferd med å endre seg. Næringslivet og ungdommen er no like utålmodige i å krevje ein raskare veg mot ei fossilfri framtid – det er opp til oss politikarane å henge med i svingane. Der vil vi vere.
Venstre vil gjere reisa fram mot eit fossilfritt Vestland til sak nr 1 for eit nytt, grønt Fylkesting hausten 2019.
Fredag 22. mars streika over 36.000 ungdommar for klima. Her kan du sjå nokre av dei beste plakatane: