«Eg er kristen, men kjem aldri til å stemme KrF!»
– Dei meiningane KrF no frontar, meiner eg at gjekk ut på dato lenge før bibelen min vart trykt, skriv Jakob Sande Haugset, Nestleiar i Grønn Ungdom Vestland.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Meiningsinnlegget stod først på trykk i Vårt Land.
Eg er stolt bygdegut og kristen.
Likevel er KrF det siste partiet eg ville stemt på.
La meg forklare kvifor:
Eg har alltid vore interessert i politikk, og då eg skulle velje parti gjekk eg grundig til verks, las meg opp og snakka med mange politikarar frå alle dei politiske partia på Stortinget.
Sjølv om eg er kristen falt ikkje valet på KrF, men derimot på MDG. Det er det mange grunnar til.
KrF høyrest jo ut som eit solidarisk parti, men når ein ser på den faktiske politikken deira og det dei gjer når dei har makta, so skjønar ein at dei kanskje ikkje er so koselege likevel.
KrF har jo utgitt seg for å vere eit parti tufta på nestekjærleik, men om ein ser på politikken verkar det mest som om dette må vere ein slags trykkfeil:
Kanskje prøvde dei å skrive «Nesten kjærleik», og ikkje «Nestekjærleik»?
Det rommar i alle fall partiet sin politikk betre.
For når vart det kjærleik å nekte unge transpersonar avgjerande behandling? Når vart det kjærleik å vere mot anerkjenninga av staten Palestina? Når vart det kjærleik å snakke om Israel sin rett til å forsvare seg, i staden for å snakke om det pågåande folkemordet i Palestina?
Når vart det kjærleik å føre ein klimapolitikk som øydelegg for komande generasjonar, som dei gjorde mens dei sat i regjering? Når vart det kjærleik å nekte kvinner i sårbare situasjonar retten til å ta abort? Når vart det kjærleik?
I alle desse sakene har MDG vist seg å vere riktig parti.
Ein viktig del av mitt engasjement er å ta vare på jorda vår, ta vare på skaparverket. Det er derimot ikkje ein viktig del av KrF sin politikk. Det viste dei oss når dei gjekk inn i regjering med Høgre og FrP.
Eg trur på ein gud som er glad i alle uansett. Og meiner det er viktigare at alle har det bra, enn at nokre få konservative kristne skal få vilja si.
Eg tvilar ikkje på at KrF i botn og grunn er opptatt av at alle skal ha det bra, men eg trur dei har gløymt visse grupper, som transpersonar, kvinner som vil ta abort osv.
Det er jo dokumentert at transpersonar so slit med behandling og kvinner som ikkje får ta abort slit med det.
Eg er med i eit parti der folk har ulike religionar og verdiar.
Vi baserer ikkje politikken vår på religion, men på det samfunnet vi faktisk lev i no.
Nokre er kristne, nokre er ikkje-religiøse, nokre er muslimar, nokre er agnostikarar, nokre er jødar og so vidare.
Då får vi sunne debattar og meiningar som er gode for dagens samfunn.
Dei meiningane KrF no frontar, meiner eg at gjekk ut på dato lenge før bibelen min vart trykt.
Vi i MDG vil ta vare på jorda og stoppe klimaendringane, opprette eit tredje juridisk kjønn, sånn at alle kan føle seg heime.
Vi vil gi barn og unge opplæring i skulen i det å vere skeiv. Sånn at unge skeive føler seg velkommen, ha betre dyrevelferd og sørge for eit betre psykisk helsetilbod, sånn at både dyr og menneske kan ha det bra.
Vi i MDG vil gi meir støtte til fattige familiar og gi dei betre råd gjennom å kutte i matprisane. Sånn at også dei kan ha det bra.
Og lista vidare er lang, vi har med andre ord meiningar som er mykje nærare ekte nestekjærleik, enn nesten-kjærleiken til KrF.
MDG er garantisten for eit samfunn som er godt for alle, uavhengig av religion, alder, kjønn, legning, meiningar, nasjonalitet osv.
Om vi i 2025 får inn ei stor stortingsgruppe, so kjem vi til å endre samfunnet til det betre! For alle!
So eg ber deg som er opptatt av at alle skal ha det bra, no og i framtida, uavhengig av religion, om å stemme på MDG ved Stortingsvalet.