Forskarar meiner det er på tide med tvang i klimakampen

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 23.05.2019 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Undersøkinga viser at det er rom for politikarane å koma med modige miljøkrav, meiner forskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking. Foto: Endre Hilleren / Vestlandsforsking

– Det generelle vi fann var at forbrukarane eller hushalda som vi intervjua er villige til å akseptera tvang for å nå klimakrava, fortel professor Carlo Aall ved Vestlandsforsking til Nynorsk pressekontor.

Han er medforfattar til ein stor europeisk studie som viser at mange forbrukarar er villige til å ta ein større støyt for at samfunnet skal nå klimamåla.

Aall fortel at dei trekkjer denne konklusjonen etter å ha stilt spørsmåla på ein måte som får fram djupare tankar og refleksjonar hos forbrukarane.

Studien omfattar over 300 hushald i fire byar i Frankrike, Noreg, Tyskland og Sverige.

Les også: Dobbelt så mange som venta streika for klimaet

Nytt blikk med kollektiv tankegang

Først spurde forskarane om kva forbruksendingar folk var villige til å gjera heilt frivillig. Deretter spurde forskarane kva endringar folk kan tenkja seg å gjera viss dei handla på vegner av heile den norske befolkninga – og det finst eit verkemiddel som seier at endringane omfattar alle.

– Då fekk vi veldig klare tilbakemeldingar om at folk var villige til å prioritera annleis, seier professoren.

Han strekar under at overgangen frå å handla individuelt til å sjå at det gjeld alle, føreset ein eller annan variant av tvang eller styring.

Forbrukarane i studien var også klare på at det er politikarane som har ansvaret for at ein skal redda klimaet, ikkje forbrukarane.

– Det er den andre grunnen til at vi seier det er på tide med tvang i klimakampen, seier Carlo Aall.

Ein ny studie viser at folk er villige til å godta visse former for tvang i klimakampen. Fredag gav skulestreikande ungdom rundt om i landet klar beskjed til politikarane om at dei ønskjer klimahandling no. Foto: Tom Hansen / NTB scanpix / NPK

Etterlyser modige politikarar

Flyreiser og kjøttforbruk er dei to områda der forskaren meiner det er størst behov for å bruka tvang for å få endra vanane blant folk.

– Folk gjev ikkje slepp på flyreisene individuelt frivillig, men viss dei ser at det er del av ei kollektiv sak, er dei likevel villige til å redusera flyreisene sine, seier Aall.

Han peikar på at det er stikk i strid med det mange andre undersøkingar viser. Aall trur grunnen er at den nye studien har spurt meir inngåande om kva folk meiner.

– Då kjem det fram at det under visse føresetnader likevel er ein vilje til at folk reduserer flyreisene sine. Men då må politikarane på banen, slår forskaren fast.

Les også innlegget frå leiaren i Klimapartnere Vestland, Helene Frihammer: «Politikarar, grip sjansen til å svare elevane: Fossilfrie regionar innan 2030!»

Nasjonal klimakonferanse i Sogndal

Undersøkinga viser også at det er ein vilje blant folk til å leggja om kjøttforbruket. Ei tilsvarande undersøking gjort av Nationen tidlegare i år viste at tre av ti nordmenn vil eta mindre kjøt.

Dei nye funna gjer at Carlo Aall no meiner det er opp til politikarane å koma med modigare miljøkrav.

– Det er politisk rom for tøffare forbrukshandling for politikarane, seier han

Professoren håpar resultata frå den nye studien kan bli brukt i valkampen. Dei nye forskingsresultata blir også tema på den nasjonale klimakonferansen i Sogndal 23.–25. april.

Les også om rørsla der meir enn 20.000 svenskar har gått saman om eit felles nyttårsforsett – å ikkje fly.

Maja Rosen

På Flightradar24.com kan ein sjå alle flya i sanntid. Maja Rosén er redd for kva all flyginga vil gjere med kloden, og har derfor starta ein kampanje der målet er å få flest mogleg til å halde seg på jorda i 2020. Foto: Skjermdump frå flightradar24.com/Maja Rosén