Skulestreik for framtida
Sjå bileta frå den store skulestreiken framfor Stortinget i Oslo.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje Natur og Ungdom deltok minst 36.000 elevar i skulestreik for klima fredag 22. mars.
Skulestreik for klima gjekk føre seg frå Longyearbyen i nord heilt til Toulouse i sør.
I Oslo møtte klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) dei streikande elevane utanfor Stortinget.
Reagerer på Equinor
Dei australske utvekslingsstudentane Lauren Howe og Lachlan Lugg hadde begge teke turen til Stortinget for å visa si misnøye med Equinor sine planar om å leite etter olje i sårbare kystområde utfor Australia.