Du et nemleg meir snacks når du ser høglytte tv-program, syner forsking.

mm

At tv og småeting heng saman er ikkje noko nytt. Men ei ny studie peikar mot at kva du ser, har mykje å seie for kva og kor mykje du stappar i deg undervegs, ifølgje Forskning.no.

LES OGSÅ: Tjukk av triste TV-program

Lyden av action
I eit forsøk der tre grupper vart vist ulike sekvensar frå filmar, var det éi av gruppene som åt heile 98 prosent meir mat og 65 prosent fleire kaloriar enn gruppa som åt minst.

Den første gruppa fekk sjå eit seriøst intervjuprogram, medan den andre gruppa fekk sjå eit utdrag frå actionfilmen «The Island» frå 2005.

Alle deltakarane fekk ubegrensa tilgong på nonstop, kjeks, gulrøter og druer medan dei såg på tv-en.

I dette forsøket synte det seg at alle som fekk sjå «The Island» hadde forsynt seg grovt frå godteriet, medan dei som hadde sett det seriøse intervjuprogrammet hadde ete mindre.

Dei som såg action utan lyd åt godt, men dei største matmonsane var dei som såg actonfilm med høge smell.  

Svenske forskarar har tidlegare funne ein samanheng mellom barn si tv-sjåing og brusdrikking.

LES OGSÅ: Gitarspel mot fedme

Stel fokus frå matinntaket
Forskarane koplar det høge matinntaket til distraksjonen frå skjermen.

– Meir distraherande tv-innhald aukar tilsynelatande matinntaket: action og lydvariasjonar er ikkje bra for dietten. Jo meir distraherande eit tv-program er, jo mindre følgjer ein med på det ein et og ender opp med å ete enno meir, konkluderer forskarane i studien som vart publisert i JAMA Internal Medicine.

Sjå traileren til filmen som fekk forsøkspersonane til å ete meir her:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54
ANNONSE