«Gunnhild» streikar for klimaet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

P3-serien Lovleg gjer som ungdomen verda over: Streikar for klimaet.

Den populære nettserien Lovleg er no midt i sin andre sesong, men dersom ivrige sjåarar besøker nettsida i dag vert dei møtte av dette:

Slik ser nettsida til Lovleg ut i dag. Skjermdump: lovleg.p3.no

Streikar i 123 land

Fredag 15. mars er datoen då elevar frå 123 land på alle verdas kontinent streikar for framtida si. Til òg med på Antarktis skal det vere skulestreik for klima, sjølv om det er uvisst kor mange skuleelevar som oppheld seg akkurat der.

Klimastreikane er inspirert av svenske Greta Thunberg (16), som før jul sette seg ned framfor den svenske Riksdagen i protest mot at politikarane ikkje tok klimautfordringane på alvor. Den unge aktivisten vekte åtgaum verda over då ho talte til verdas toppleiarar under klimatoppmøtet i Polen.

Kven streikar på Sandane?

I går streika elevar i Bergen og på Stord, men den store norske demonstrasjonen finn først stad fredag 22. mars.

No ser det altså ut til at elevane på Firda vidaregåande skule i Sandane òg har latt seg inspirere av Greta. Om det er ein karakter me forventar at stiller opp er det Luna Oksnes, som delte denne posten på kvinnedagen 8. mars:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av ʟ ᴜ ɴ ᴀ ᴏ ᴋ s ɴ ᴇ s (@kjottflue)

Fråværsknipa

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) rosar engasjementet, men meiner streiken er feil veg å gå.

– Det er eit stort og viktig klimaengasjement blant elevane. No har dei varsla at dei skal gå ut i streik, og det synest vi er ei dårleg løysing, sa kunnskapsministeren til NTB i går.

16 av 18 fykeskommunar har vedteke at skulestreik for klima ikkje er gyldig som politisk fråvær i den vidaregåande skulen, men me er framleis usikre på korleis leiinga ved Firda vidaregåande skule løyser fråværsknipa i Lovleg.

Både Elevorganisasjonen og Noregs Barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) er kritiske til at elevane ikkje får politisk fråvær for skulestreiken.

Då Kristine fekk rolla

Om du ikkje har lyst å lesa meir om skulestreik for klima i dag, så kan du kanskje kosa deg med eit intervju med Kristine Ryssdalsnes Horvli som spelar «Gunnhild» i Lovleg.

– Mange av dei som var på audition var litt yngre enn meg og gjekk på vidaregåande. Eg følte meg litt teit som var der. Eg er jo ikkje gamal i det heile teke. Og eg ser jo ung ut, det veit eg. Men eg følte meg litt som ein person som dukkar opp på ein vidaregåandefest som er 25, liksom.

«Lovleg»-skodespelar Kristine Ryssdalsnes Horvli (21) drøymer om å verte skodespelar, men vågar ikkje heilt å seie det høgt.