Regjeringa vil halde «toppmøte» med klimastreikande ungdom

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 18.03.2019 08:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er planlagt ein landsomspennande skulestreik 22. mars, inspirert av svenske Greta Thunberg, som byrja med dette i fjor.

Seinare har Thunberg fått audiens mellom anna i EU, FN og det økonomiske verdsforumet i Davos for å snakke om behovet for umiddelbar handling på klimafeltet. Onsdag vart ho nominert til Nobels fredspris.

Som eit svar til ungdommane vil regjeringa arrangere møte med dei streikande i fleire norske byar utover våren. Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) seier han forstår frustrasjonen til elevane.

– Elevane har heilt rett i at det er ein veldig alvorleg situasjon. Vi må kutte klimagassutsleppa 40–50 prosent globalt dei neste 10–15 åra. Når vi ser dette engasjementet frå unge, ønsker vi å møte dei ved å invitere til eit eige klimatoppmøte. Det er ingen tvil om at hovudansvaret er vårt, og vi vil lytte til dei for å høyre på innspela deira på kva vi bør gjere, seier Elvestuen.

Ifølgje arrangøren Natur og Ungdom kjem 10.000 ungdommar til å streike på 40 stader i landet.

Les også: Belgisk klimaaktivist skuffa over Noreg

Regjeringa – her representert ved olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp, lengst til venstre), barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF), kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) og klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) – vil invitere til «ungdommens klimatoppmøte» for å diskutere løysingar og å få innspel frå ungdommane. Ungdom i ei rekke land har varsla skolestreik for klimaet. I Norge er det planlagt skulestreik 22. mars. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Får ikkje godkjent fråvær

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) rosar engasjementet, men meiner streiken er feil veg å gå.

– Det er eit stort og viktig klimaengasjement blant elevane. No har dei varsla at dei skal gå ut i streik, og det synest vi er ei dårleg løysing. Vi ønsker å møte ungdommane til klimapolitiske toppmøte, og skulen burde heller gripe denne moglegheita til å diskutere med elevane i samfunnsfag korleis ein skal påverke politikarane og i naturfag korleis ein skal få ned klimagassutsleppa, seier han.

Natur og Ungdom har tidlegare tatt til orde for at dei streikande elevane bør få godkjent fråværet som gyldig på politisk grunnlag. Sanner er usamd:

– Det er ein regel knytt til politisk arbeid, men streik vil normalt sett ikkje gi godkjent fråvær, seier han.

SV-leiar Audun Lysbakken, meiner regjeringa. Foto: Stortinget

Les også: Forskarar støttar skulestreik for klimaet

– Kveler klimastreiken

Audun Lysbakken meiner det er tydeleg at regjeringa synest klimakritikken til elevane er ubehageleg.

– Det ser ut som regjeringa vil bruke fråværsgrensa til å kvele klimastreiken, seier SV-leiaren.

Han meiner at streik burde vere ein demokratisk rett også for elevar, og seier at ungdommar som engasjerer seg for å ta vare på jordkloden, bør få «takk og ikke straff».

MDG-Une meiner streiken er riktig

Nasjonal talsperson for Miljøpartiet Dei Grøne, Une Aina Bastholm, meiner elevane gjer rett i å streike. Foto: Ole Christian Klamas, MDG

Stortingspolitikar for Miljøpartiet Dei Grøne, Une Bastholm, er heller ikkje imponert.

– Eg er lut lei av politikarar som hyllar engasjementet, men som samtidig kallar skulestreik for feil verkemiddel, seier ho.

Bastholm meiner elevane gjer rett i å streike og at dei ikkje treng klapp på hovudet frå regjeringa, men politikarar som viser handlekraft.

Leiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord, meiner det er nok av møte der politikarar seier kor mykje dei bryr seg, men går heim og gjer ingenting. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Natur og Ungdom misnøgde

Leiar Gaute Eiterjord i Natur og Ungdom skildrar Sanner si omfamning av engasjementet som «holt».

– Det er ikkje sant når han seier at regjeringa tar klimakrisa på største alvor. Då hadde dei faktisk fått ned utsleppa våre. I staden har norske utslepp auka så lenge vi har levd, og regjeringa skryter av at dei set ny rekord i å leite etter olje i Barentshavet, seier Eiterjord til NTB.

Han seier regjeringa førebels ikkje har tatt kontakt med organisasjonen for å organisere møta, og han er i tvil om i kva grad Natur og Ungdom i det heile vil vere interessert i slike møte.

– Vi er ikkje interesserte i å komme på dialogmøte med regjeringa viss ikkje dei kan gi oss ein krisepakke for å løyse klimakrisa. Det er nok av møte der politikarar seier kor mykje dei bryr seg, men går heim og gjer ingenting. Vi vil ha nye klimajobbar, inga ny oljeleiting og forpliktande planar for korleis norske utslepp skal gå ned sporenstreks, seier han.

Les også: Til hausten kjem boka om Greta Thunberg

Til hausten kjem den norske omsetjinga av «Scener ur hjärtat», som er skriven av heile familien til Greta Thunberg. Foto: Anders Hallberg