Belgisk klimaaktivist skuffa over Noreg
Tusenvis av belgiske elevar skulkar skulen kvar torsdag for å gå i klimamarsj. No blir tilsvarande engasjement i Noreg etterlyst.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg synest det er litt trist at det ikkje er nok folk på gatene i land som Noreg og Sverige. Vi må gjere dette større, slik at politikarane byrjar å lytte til oss, seier Kyra Gantois til NTB.
Ho er ein av initiativtakarane bak den belgiske elevaksjonen, der rundt 35.000 elevar har delteke på det meste.
Politikarane, derimot, har så langt ignorert krava, fastslår Gantois.
Les også: Dette faget skal bu elevane på hundreårets krise
Thunberg-turné
Torsdag marsjerte rundt 7.500 belgiske ungdommar saman med svenske Greta Thunberg, som hadde komme med tog heile vegen frå Stockholm for å delta. Thunberg starta det heile i fjor haust med den ikoniske skulestreiken sin for klimaet, og sidan har titusenvis av elevar late seg inspirere over heile Europa.
Frå Brussel reiste Thunberg vidare til Paris for å delta i nye aksjonar fredag ettermiddag.
School strike week 27. We are on our way to Paris. See you at Opéra at 13.00!#climatestrike #fridaysforfuture #schoolstrike4climate pic.twitter.com/HCE1WwsyS9
— Greta Thunberg (@GretaThunberg) 22. februar 2019
Heime i Sverige, derimot, har berre nokre hundre aktivistar delteke i forsøka på å få til noko liknande.
I Noreg har Natur og Ungdom teke initiativ til skulestreik fredag 22. mars.
Thunberg har på si side oppfordra til ein global skulestreik for klimaet éi veke tidlegare, den 15. mars.
Les intervju med nokre av dei som har tenkt til å streike i Noreg.