Over 200 studentar utestengde frå norske universitet og høgskular

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 18.03.2019 08:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Universitetet i Tromsø har flest utestengde, med 30 studentar per 2. mars, viser ein gjennomgang universitetsavisa Khrono har gjort. Ni universitet og høgskular har færre enn fem studentar i fellesregisteret RUST – Register for utestengde studentar – som vart tatt i bruk i 2014.

Les også: Irak stengde internett i heile landet for å hindra eksamensjuks

16 uskikka til yrket

Studentar kan utestengast i maks tre år, og når utestenginga er over, blir alle data sletta. Grunnar til å bli utestengd inkluderer falske vitnemål og fusk. Farleg åtferd eller brot på teieplikt kan òg føre til utestenging, i tillegg til at ein kan bli utestengd etter ei skikketheitsvurdering.

Leiar i Norsk studentorganisasjon, Håkon Randgaard, er ikkje overraska over tala. Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold)Mikalsen

Leiar Håkon Randgaard Mikalsen i Norsk studentorganisasjon (NSO) er ikkje overraska over at det føregår fusk og vitnemålsjuks, med tanke på at det er nesten 300.000 studentar i Noreg.

175 av dei som er utestengde, er tatt for juks, medan berre 16 er funne uskikka for yrket utdanninga fører til.

– 16 er lågt, og sannsynlegvis for få, seier Mikalsen, og legg til at det nok heng saman med at uskikka studentar heller blir rettleidd ut av studiane, enn at det blir fremma sak for skikketheitsnemnda.

Les også: Juks på førarprøven kan gi eitt års karantene

Eg kan juksa på eksamen sjølv om eg sit i rullestol