Den som juksar på førarprøven, bør frå no av bli pålagt karantene i inntil eitt år, meiner regjeringa.
NPK-NTB
NPK-NTB

– Å sørgje for betre trafikktryggleik er ein av dei viktigaste oppgåvene til regjeringa. Difor må vi hindre at førarar som ikkje er kvalifiserte, slepp ut i trafikken, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).

Fredag la regjeringa fram forslag om fleire endringar i vegtrafikklova. Mellom anna blir det føreslege at kandidatar som juksar på førarprøva, skal kunne få inntil eitt års karantenetid før dei kan gå opp til ny prøve.

Dei siste åra har stadig fleire vorte tekne i forsøk på juks. I dag får dei som fuskar, same karantenetid som dei som stryk, altså berre to eller fire veker før dei kan ta ny prøve.

Les også: Ny regel skal stoppe ulovleg køyreopplæring

LES OGSÅ

ANNONSE