Stengde ned internett i heile landet.

mm

Mobilar med tilgang til internett har gjort det lettare å juksa på prøvar. I Irak har dei gått drastisk til verks mot eksamensjukset.

EarthLink, ein av nettleverandørane i Irak, melde på måndag at alle tenestene deira vil bli nede over heile landet medan eksamenane går føre seg, ifølgje The Guardian. Tilgangen til nett både via kabel og mobil blei blokkert.

Tal frå analyseselskapet Dyn viser at det berre var dei sjølvstyrte kurdiske områda som hadde internett i løpet av dei tre gonger tre timane det var nasjonale eksamenar for ungdomsskulen og vidaregåande skule i Irak.

LES OGSÅ: Eksamenstips frå dei beste

Irakiske styresmakter får kritikk frå menneskerettsaktivistar og internettaktivistar for stenginga av internett, ifølgje The Atlantic.

 

– Gitt tryggleikssituasjonen i landet, er dette ganske ekstreme verkemiddel, seier Deji Olukotun i Access Now.

LES OGSÅ: Internett på eksamen gav meirsmak

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE