Eg kan juksa på eksamen sjølv om eg sit i rullestol

Malin Langøy Aarbø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rullestol treng ikkje hindra juks

Først publisert på Magasinett.

Dei aller fleste som er studentar eller som har studert tidlegare har kjent på korleis dagane og timane før eksamen klargjer ein til kamp. Kampen om dei beste karakterane. Du jobbar knallhardt for å halde stressnivået i sjakk og få skvisa på plass mest mogeleg informasjon inn i hjernemaskinen som kjennes tung og jævleg no like før. Du les på alt ein kan tenka seg at dei kjem til å spørja om på eksamen.

Fordommar og mangel på kunnskap
Har du nokon gong opplevd å bli kraftig undervurdert av folk du ikkje kjenner? At fordommar og mangel på kunnskap har ført til oppfatningar som er fullstendig utanfor rekkevidde av det som burde vore openbart?

Kjenn litt på desse kjenslene. Kjenn på korleis det stikk i brystet og du får lyst til å skrika. Protestera høglydt mot den urettferdige kategoriseringa du opplever. At ein liten faen-i-vald vaknar til inni deg, klar til å forsvara det du måtte ha att av sjølvtillit og integritet?

Nettopp dette fekk eg kjenna på under min første universitetseksamen for rundt ein månad sidan. La meg prøva å forklara.

Eksamensvakta gjekk
Sjå for deg følgjande scenario: Eg sit på eit grupperom ved Universitetet i Bergen. Eg har ei heil avdeling for meg sjølv og ei eiga eksamensvakt som skal passa på at eg innordnar meg etter skulen sitt regelverk.

Kaffikoppen står parat på skrivebordet. Dobbel dose er naudsynt etter nok ei søvnlaus natt med nilesing og detaljfokusering. Blod, sveitte og tårer har det vore. Endelause månadar utan fritid. Basal psykologisk litteraturhistorie skvulpar rundt i topplokket som ein einaste stor lapskaus. Gud veit kor mykje eg har førebudd meg til denne dagen.

Ja, så. Ingenting uvanleg så langt, tenkjer du. Alle studentar har det slik. Men så til det rare: Eksamensvakta, elles ei kjempekoseleg dama, fortel at ho skal sitta i eit anna rom. To rom bortanfor.

– Du kan få snakka så høgt du berre vil!
Tankane rullar.

– Skal ikkje du sitta her med meg, då, seier eg.

– Nei, da, det går heilt fint. Du skal få vera i fred, eg sit meg der med øyreproppar på, så kan du få snakka så høgt du berre vil!

Ho stryk meg raskt over skuldra. Eit litt dumsnilt smil breier seg rundt munnen hennar. Med hovudet på skakke ser ho meg djupt inn i augo, og glimtar til med eit lite blunk.

Eg ser meg rundt. Er det kamera på veggen, kanskje? Ingen kamera i sikte.

– Det er så imponerande at sånne som deg står på for å ta eksamen, seier ho. Med «sånne som meg» antar eg her at ho insinuerer til det mest avvikande som er: rullestolen. Min uunnverlege besteven.

LES OGSÅ: Ingeborg Steine Jensen fekk panikk då ho såg eksamensoppgåva på tulle-nynorsk

LES OGSÅ: Iran stengde nettet i heile landet for å hindra juks på eksamen

Det er noko feil med dette biletet
Kort tid etter ber ho assistenten min levera frå seg veska si. Ja, ja, sånn er reglane. Når det er sagt, spør ho aldri om å få mi veska, som heng lagleg til bak på stolen med litt av kvart oppi. Heller ikkje luftepausar er eit problem. Her er det berre til å ta seg ein trall og banka på døra når ein vil inn, medan vakta sit i andre enden med kryssord og kvikklunsj. Sa du fred og ingen fare?

No, vel. I mitt forsøk på å dela denne opplevinga har eg motteke varierande tilbakemeldingar frå mine næraste. Dei fleste tykkjer det er hysterisk morosamt, og kan ikkje fatta og begripa kva eg klagar på. Det er jo luksus med ei slik eksamensvakt! Likevel vil eg påstå at det er noko hakkande feil med dette biletet.

Eit komplement at eg ikkje klarar å juksa?
Ta det første først: Skal eg ta det som eit komplement eller ei fornærming når folk trur eg ikkje er i stand til å juksa på grunn av mi funksjonshemming? At eg har høgare etiske standardar enn normalbefolkninga fordi eg rullar på fire hjul? Ein får nesten lyst til å juksa i rein provokasjon.

Som min tidlegare lektor kommenterte; viss eg nokon gong skal skriva ein kriminalroman, skal skurken sitta i rullestol. Då vil ingen forstå kven som er den skyldige.

For det andre er det ei kraftig undervurdering av funksjonshemma sin arbeidskapasitet og arbeidsinnsats når offentlege instansar eller representantar for disse indirekte legg til rette for at ein ikkje skal ha forventningar til oss. Me treng ikkje å bli «hjelpen på veg» til dei gradar for å oppnå gode resultat. Det er heller ikkje motiverande når all innsats blir opplevd som forgjeve – uansett kor mykje eg hadde studert, var muligheitene alltid til stades for å juksa.

Den verste diskrimineringa er positiv stigma
Det folk ofte gløymer når det gjeld diskriminering, er at det ikkje treng å vera i negativ forstand. Den verste sorten er den positive stigmatiseringa der folk enten tar overdrivne omsyn, eller fornærmande utsegn blir ikledd kompliment. At ein meiner det godt betyr ikkje at det er det.

Eg meiner at den viktigaste målsettinga i likestillingspolitikken framover, bør vera å jobba med dei små utfordringane. Alt handlar ikkje om universell utforming. Folk må forstå at funksjonshemma er oppegåande menneske på godt og vondt. Og at det er lov å stilla krav til oss som til alle andre.

Fram til den gong vil eg ta med både lærebok og mobiltelefon på eksamen. Berre fordi eg kan.

Meir om same tema?

Høyrslehemma Andreas (30) har IKT-utdanning, men måtte ta vaskejobbar.

– Å lytte til ungdom vil gi betre helsetenester

– Me kan ikkje leggje skjul på at funksjonshindra vert diskriminert. Eg seier funksjonshindra fordi det er det me er. Hindra frå å delta i samfunnet på alle områder fordi tilrettelegginga er for dårleg.