– Solenergi er like effektivt i Noreg som i Tyskland


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Framtiden i våre hender fortset myteknusarkampanjen sin. Denne gongen har dei fått dei med seg skodespelarane Tuva Novotny og Espen Lervaag for å knuse myter om solceller.
– Visste du at solenergi er den raskast voksande energikjelda i verda? spør Tuva Novotny, som fortel at det dagleg vert installert rundt ein halv million solcellepanel på verdsbasis.
I Noreg står både bustadeigarar og bedrifter i kø for å få solceller på taket. I fjor blei solkraftkapasiteten i Noreg nesten firedobla.
Framtiden i våre hender argumenterer med at ein kan selje overskotsstraumen tilbake til kraftselskapa, samstundes som du aukar verdien på bustaden din med ein høgare energi og miljøstandard.
– Solstrålinga er sjølvsagt lågare i nord, men solcellepanel er faktisk meir effektive ved låge temperaturar. Solenergi er altså like effektivt i Noreg som for eksempel i Tyskland, seier skodespelaren til kamera.
Tidlegare har organisasjonen brukt «Skam»-skodespelar Thomas hayes for å knuse myter om el-bilar.
LES OGSÅ: Denne vegen gir straum til ein heil heim
Verdas første solcelleveg ligg i Nederland og produserte nok straum til ein vanleg heim i sitt første halve år. Foto: Solaroad