Fredsprisen til Denis Mukwege og Nadia Murad

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Begge har gitt viktige bidrag til å rette merksemda mot og til kampen mot krigsbrotsverk, skriv Nobelkomiteen i si grunngjeving.

– Denis Mukwege er hjelparen som har vigd sitt liv til å tale saka til offera. Nadia Murad er vitnet som fortel om overgrep mot seg sjølv og andre. Kvar på sin måte har dei bidratt til at seksualiserte overgrep i krig blir synleggjort, slik at gjerningsmennene kan bli stilte til ansvar, heiter det.

Arbeid i Kongo

Legen Denis Mukwege har brukt store delar av sitt vaksne liv til å hjelpe offera for seksualisert vald i Kongo, trekkjer komiteen fram.

– Etter opprettinga av Panzi-hospitalet i Bukavu i 2008 har doktor Mukwege og staben hans behandla tusenvis av pasientar utsette for slike krenkingar. Dei fleste overgrepa har skjedd med bakgrunn i ein langvarig borgarkrig som har kosta meir enn seks millionar kongolesarar livet, står det i grunngjevinga.

Sjølv eit offer

Når det gjeld Nadia Murad, trekkjer nobelkomiteen fram at ho sjølv er eit offer for krigsbrotsverk.

– Ho aksepterte ikkje dei sosiale kodane som tilseier at kvinner skal teie og skamme seg over dei overgrepa dei er blitt utsette for. Ho har vist eit usedvanleg mot ved å fortelje om si eiga liding og tale saka til offera, står det.

Yazidi-minoriteten

Nadia Murad høyrer til yazidi-minoriteten i det nordlege Irak, der ho levde med sin familie i den avsidesliggjande landsbyen Kocho. I august 2014 gjekk Den islamske staten, IS, til eit brutalt og systematisk angrep på fleire landsbyar i Sinjar-distriktet. Føremålet var å utrydde yazidifolket.

– I Nadia Murads landsby vart fleire hundre menneske massakrerte. Dei yngre kvinnene, medrekna mindreårige barn, vart bortførte og haldne som sexslavar. I tida som IS-fange vart Nadia Murad utsett for fleire valdtekter og overgrep. Overgriparane trua med å avrette henne dersom ho ikkje konverterte til deira hatefulle og umenneskelege versjon av islam, heiter det.

Les også: Ville verda vera meir fredsam viss det var fleire kvinnelege leiarar?