KFUK-KFUM: Kampanje frå MIFF kosta oss millionar
KFUK-KFUM meiner dei gjekk glipp av millionar etter at Med Israel for Fred (MIFF) i heilsides avisannonsar oppfordra til boikott av Operasjon Dagsverk i fjor.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dagleg leiar i KFUK-KFUM Global, Fredrik Glad-Gjernes. Foto: KFUK-KFUM Global
Til saman kom det inn 18,9 millionar kroner til Operasjon Dagsverk i fjor, 6 millionar under snittet for OD-aksjonar, skriv Vårt Land. Mottakarane mistenker at det kjem av MIFFs kampanje.
Beløpet er ein nedgang frå 22,3 millionar året før, skriv Dagen, som melde om saka først.
– At fleire organisasjonar oppfordra til å droppe OD har antakeleg hatt ein stor innverknad på resultatet, seier dagleg leiar Fredrik Glad-Gjernes i KFUK-KFUM Global. Dei innsamla pengane gjekk til prosjekt i regi av KFUK-KFUM Palestina.
Fornøgd

Dagleg leiar i Med Israel for fred (MIFF), Conrad Myrland, er fornøgd med motaksjonen. Foto: MIFF
MIFF rykte inn heilsides annonsar med teksten: «Årets OD er en gedigen antiisraelsk kampanje som indoktrinerer seks årskull skoleelever til negativt syn på Israel spesielt og jøder generelt».
MIFF-leiar Conrad Myrland er fornøgd med at motaksjonen kan ha bidratt til mindre pengar i OD-kassa. Også Det mosaiske trussamfunn, ti FpU-fylkeslag og stortingsrepresentant Sylvi Listhaug (Frp) var negative til OD-prosjektet i fjor.
Les også innlegget: «Sjølv om årets Operasjon Dagsverk arbeider for palestinske ungdommar inneber det ikkje at dei arbeider mot Israel»
PFU-klager
KFUK-KFUM har klaga ni aviser – Aftenposten, VG, Fædrelandsvennen, Vårt Land, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad, Adresseavisen, Dagsavisen og Dagen – inn for Pressens Faglege Utval for brot på Vêr varsam-plakaten på grunn av annonsen.
Aftenposten opplyser til NTB at dei avviser klaga frå KFUK-KFUM. Pressens Faglige Utvalg opplyser til NTB at ein framleis er i tilsvarsrunden og at det enno ikkje er bestemt når saka skal behandlast.
Operasjon Dagsverk er Noregs største solidaritetsaksjon arrangert av, med og for ungdom.
Les også: Jødiske Ida Miriam (19): – Eg opplever at folk skuldar på meg