Auka kunnskap om kommunale klimautfordringar

Mykje av klimapolitikken er global, men utfordringane er merkbare lokalt. Det er kommunane blitt flinkare til å forstå, meiner Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avdelingsleiar for klimatenester Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt meiner kommunane har blitt meir opptatt av å gjera noko med klimautfordringane lokalt. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

Me bur alle i ein kommune, og klimatiltaka som blir sett i verk, blir gjort i ein kommune. Derfor jobbar Meteorologisk institutt blant anna med å bryta ned globale klimamodellar til å gjelda lokale forhold. På den måten kan kommunane og distrikta få meir kunnskap om kva for klimautfordringar dei står overfor i åra som kjem.

– Slik kan dei ta inn over seg kva dei skal jobba med. Kommunane har dermed ei viktig rolle i å ta dette vidare lokalt, seier avdelingsleiar for klimatenester Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt til Nynorsk pressekontor.

Han viser til at flaumar i små- og mellomstore vassdrag på grunn av regn har blitt eit større problem. Ei kraftig regnbye kostar om lag ein halv milliard kroner, fortel Hygen.

– Eg meiner den største utfordringa for kommunane er balansen mellom klimakutt og klimatilpassing. Når det gjeld klimatilpassing, er dei største utgiftene knytt til hendingar med overvatn – der kraftige regnbyer tar med seg den lokale bekken, garasjen og bilen. Der er dei store utgiftene, og det er nettopp her det lokale engasjementet og den lokale kunnskapen kan brukast for å gjere noko med det.

Her kan du lese fleire saker om lokal klimarisiko og klimaløysingar. 

Voss blei ramma av flaum hausten 2018. Her er lokala til bedrifta Eldhus på Evanger omringa av vassmassane.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK

Har kunnskap, manglar kapasitet og pengar

Den årlege kommuneundersøkinga til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap viser at kommunane må jobba meir systematisk med klimaendringar. For å hjelpa kommunane å vurdera ulik klimarisiko, har Kommunalbanken, CICERO Senter for klimaforskning og Norsk klimastiftelse gitt ut eit hefte som skal gi kommunane meir kunnskap.

Den største utfordringa for kommunane er balansen mellom klimakutt og klimatilpassing

Utfordringane er godt kjent i mange kommunar, meiner Helge Eide. Han er områdedirektør for interessepolitikk i KS. Det er kommunepolitikarar og tilsette som veit kva område som er mest sårbare i kvar kommune. Men det som manglar er pengar og kapasitet til å gjera noko med desse utfordringane, er beskjeden frå KS.

Stor snø- og bresmelting og kraftig auke i vassføringa gav flaum i Hordaland, Sogn og Fjordane og Oppland hausten 2018. Her frå Fortun i Sogn og Fjordane. Foto: Tage Skjaak Moen / NTB scanpix / NPK

Eide peiker på at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har vist til at det er samfunnsøkonomisk lønsamt å sikra mot framtidig flaum og ras, men at direktoratet ikkje blir løyvt nok pengar til å gjera det.

Helge Eide er områdedirektør for interessepolitikk i KS. Han meiner kommunane veit kva for klimautfordringar dei har, men dei manglar ressursar og pengar til å gjera noko med utfordingane knytt til sikring og førebygging.

– Det å få førebyggjande sikringstiltak høgare på prioriteringa på den nasjonale dagsorden er veldig viktig for kommunane, seier Eide.

På tampen av fjoråret kom rapporten frå Klimarisikoutvalet som undersøkte klimarelaterte risikofaktorar og kva dei betyr for norsk økonomi. Eide meiner rapporten ikkje tar høgde for den positive lønsemda slik førebyggjande sikring har. Rapporten diskuterer heller ikkje godt nok kven som har ansvaret for å gjera noko med klimautfordringane og kven som skal betala.

– Noreg har ein av dei beste erstatningsordningane etter naturskade i verda, men me treng ei forsikringsordning for kommunal infrastruktur, seier Eide.

Les også intervjuet med Jostein Gaarder: – Alle ekspertar veit at vi må la noko olje og kol ligge

Meir klima-engasjement lokalt

Trass i lite kapasitet og trong økonomi mange stader, ser Hygen ved Meteorologisk institutt ei positiv utvikling blant kommunane i korleis dei planlegg for å tilpassa seg klimautfordringa.

– Eg har jobba med dette i 15 år. Dei første åra var det mange festtalar om klima. I seinare år opplever eg at kommunar stadig tar kontakt med oss for å vita kva som skjer og vil ha innspel til den vidare saksbehandlinga. Eg synst kommunane er i ferd med å vakna og ta det ansvaret samfunnet forventar av dei, seier Hygen.

Eg synst kommunane er i ferd med å vakna og ta det ansvaret samfunnet forventar av dei

Han trur den store utfordringa er å prioritert klimatiltak opp mot andre kommunale oppgåver og utgifter. Eide i KS meiner ei slik framstilling kan gi inntrykk av at kommunane eigentleg held på med andre ting som er viktigare og at klimautfordringa kjem på toppen av dette.

– Slik er det ikkje, kommunal planlegging er ei kjerneoppgåve for kommunane. Det å sørga for at klimaomsyn er tatt vare på i planlegginga er ei kjerneoppgåve, det er integrert. Men det er nok riktig å seia at forståinga av at det er viktig har auka over tid, seier han.

Les også reportasjen som skal førebu elevane på hundreårets krise: – Eigentleg burde klima- og miljøfag vore eit fellesfag som alle elevar fekk

I dette faget har dei ingen lærebøker. I staden for følgjer elevane klimadiskursen gjennom artiklar på nett og såleis held seg oppdaterte. Foto: Bente Kjøllesdal