Kraftig auke av tvilsmeldingar om studentar som kan vere uskikka
Nye tal viser at det kjem stadig fleire tvilsmeldingar om studentars kvalifikasjonar. På ti år er talet på tvilsmeldingar femdobla.
Tal frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) viser at det i 2014 kom inn 95 tvilsmeldingar. Dette har auka til 487 tvilsmeldingar i 2023, skriv Khrono.
Auke i tvilsmeldingar
Dei 487 tvilsmeldingane var retta mot 412 ulike studentar. Tilsvarande tal i 2022 var 402 og 363.
– Den auken ein ser, er ein naturleg auke ut frå det arbeidet som blir gjort rundt på institusjonane, men eg trur framleis det er store mørketal på dette feltet, seier Karl-Arne Næss Korseberg, som har leidd nasjonalt arbeidsutval for skikkavurdering,
I ei rekke lærar- og helse- og sosialfagutdanningar blir kvalifikasjonane til studentane vurdert. Det skal sikre at barnehagebarn, elevar, pasientar og andre brukarar møter lærarar og helse- og sosialfagarbeidarar som er skikka for det yrket dei utøver.
Studentars kvalifikasjonar blir vurdert i 38 utdanningar ved 20 ulike universitet og høgskular.