Anna studerte ungdomskriminalitet – valde å bli lærar i staden

Norske skular står i ei lærarkrise og søkjartala held fram å dale. Då Anna Lyche (25) las om kor viktig det er for unge å ha ein trygg vaksen rundt seg, valde ho å bli nettopp det.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Framtidas arbeidsliv», som er støtta av Fritt Ord.

Oppdatering: Saka er oppdatert 11. september med nye tal frå regjeringa på lærarstudentar tekne opp i lokale opptak utan karakterkrav.

– Eg har eigentleg aldri tenkt på å bli lærar før nyleg. Eg studerte kriminologi tidlegare, så kan ein jo lure på korleis ein går frå det eine til det andre, seier Anna Lyche (25).

Framtida.no møter ho på Østensjø skole i Oslo, der ho har jobba som lærar på Sommerskolen. Lyche hadde planar om å skrive bacheloroppgåve om ungdomskriminalitet, men droppa ut av kriminologi og byrja på lærarstudiet i staden.

– Eg las ein del om det, og ein av fellesfaktorane for ungdomskriminalitet er at ein ikkje har ein trygg vaksen rundt seg, så motivasjonen min er eigentleg å vere den trygge vaksne for dei barna som ikkje har det.

For få søkjarar

Det blir stadig snakka om ei lærarkrise, og at det ikkje finst nok kvalifiserte lærarar.

– Når vi ser på heile landet og alle skular så er nesten 1 av 5 «lærarar» utan lærarutdanning, skriv leiar i Utdanningsforbundet Geir Røsvoll i ein e-post til Framtida.no.

Mangelen på lærarar gjer at mange elevar truleg ikkje får god nok undervising og god nok oppfølging, meiner han.

– I tillegg har det dei siste åra vore eit stup i talet på søkarar til lærarutdanningane. Det er også svært alvorleg og ei viktig årsak til at også politikarar er byrja å snakke om ei lærarkrise som vi må gjere noko med.

Geir Røsvoll, leiar i Utdanningsforbundet,. | Foto: Harald Åker / Utdanningsforbundet

Årets tal frå Samordna opptak stadfestar det Røsvoll seier. Då tala vart kjende i slutten av april, var det klart at søkjartala til lærarutdanningane fall for femte året på rad, med ein nedgang på 4,2 prosent frå i fjor.

Regjeringa opplyste i ei pressemelding at nedgangen var særleg kritisk for grunnskulelærarutdanningane for 1.–7. og 5.–10. trinn. Der gjekk talet på førstevalssøkarar ned med 11 og 12 prosent samanlikna med 2023.

– Diverre held søkinga til grunnskulelærarutdanningane fram med å søkke. Det er ei utvikling som gir grunn til uro. Sidan 2018 har søkinga til desse utdanningane nesten blitt halvert. Eg fryktar at ein del studieplassar kan ende med å stå tomme til hausten, uttalte forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Før studiestart gjekk òg fleire studiestadar ut og var uroa for at dei ikkje klarar å fylle plassane på lærarstudiet.

Kunnskapsdepartementet opplyser til Framtida.no at dei ikkje har endelege tal på kor mange som er i gang med ei lærarutdanning før seinare i haust.

Men, ifølgje ei oversikt frå Khrono stod 878 studieplassar for grunnskulelærarar tomme 29. august, noko som utgjer 30 prosent av dei planlagde studieplassane.

Kristine Lesund er ferdig utdanna lærar og har fått fast jobb. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Ein god lærar

På Sommerskolen møter Framtida.no tre lærarstudentar som har gått mot straumen, og søkt seg til yrket.

Kristine Lesund (24) er nettopp uteksaminert frå lærarstudiet for 1.–7. klasse ved NTNU i Trondheim, og skal byrje i fast jobb til hausten.

Ho opplevde både på ungdomsskulen og vidaregåande å ha lærarar som verkeleg såg ho og fekk ho til å utvikle seg i riktig retning, og vart inspirert til å følgje i deira fotspor.

– Ein god lærar er masse, men å vere ein som ser elevane og tilpassar seg elevar tenkjer eg er det viktigaste.

– Og å vere omsorgsfull og fleksibel, skyt Sara Tangstrøm inn.

28-åringen byrjar på det femte og siste året av lærarutdanninga ved OsloMet og skal skrive master i matematikk. Ho kjem frå «ein skikkeleg lærarfamilie».

– Det låg alltid i korta. Pappa er lærar, og begge søstrene mine, så eg har eigentleg hatt lyst til å bli lærar heilt sidan eg var liten.

Sara Tangstrøm byrjar denne hausten på det siste året av lærarutdanninga. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Mange roller

Tangstrøm trur det at det i dag ligg meir til jobben og at ein som lærar skal fylle fleire roller, og nærmast vere både psykolog og sosialarbeidar i tillegg til lærar, kan gjere at nokon synest det verkar som eit slitsamt yrke.

– Det krev meir av deg, mentalt og på alle måtar, har eg høyrt. Eg har jo ikkje opplevd det sjølv enda. Og så er det nokon som klagar på at det er litt dårleg betalt, legg Anna Lyche, som byrjar på sitt andre studieår ved OsloMet, til.

Dei tre lærarspirene har likevel ikkje blitt avskrekka av dei negative skildringane av yrket i media. Tangstrøm fortel at ho heller blir motivert til å stå på og gjere det beste ho kan dei åra ho er i skulen.

Løn og ressursar

For å få fleire til å velje yrket, trur dei tre at auka løn kan vere ein faktor, men òg fleire ressursar i jobbkvardagen.

– At du slepp å stå aleine med elevar og vere i alle dei rollene, og at ein har fleire å støtte seg på, trur Kristine Lesund kan hjelpe.

Sara Tangstrøm synest ho har passe store klasser i år, men førre gong ho var lærar på sommarskulen, hadde ho 33 og 34 elevar i klassene sine.

– Det var altfor mange! Klasseromma er jo ikkje designa til å vere så mange eingong. Det er sommar og varmt og styr å halde orden på 33 og 34 elevar og å skulle bli kjent med alle saman.

Utdanningsforbundet trur det viktigaste tiltaket for å få fleire til å søkje seg til lærarutdanninga er å gjere lærarjobben betre. Som dei tre studentane, trekker leiar Geir Røsvoll fram høgare løn og betre arbeidsvilkår.

– Lærarar må få betre tid til å gjere ein god jobb, dei må få hjelp og støtte til å følgje opp elevar som slit og treng ekstra hjelp. Og dei må ha ei løn som betre speglar den lange utdanninga dei har og ansvaret dei tar på seg.

Røsvoll peikar på at ein i andre yrke med tilsvarande utdanning fort kan tene mykje betre.

– Då vel ikkje unge folk lærarutdanning, slår han fast.

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp). | Foto: Regjeringa

Hoel: Har tatt grep

– At færre unge søker seg til læraryrket er ei stor utfordring, som vi må gjere det vi kan for å snu. Vi samarbeider tett med partane i skule- og barnehage-Noreg for å få fleire til å velje læraryrket, uttalar forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) i ein e-post til Framtida.no via kommunikasjonsavdelinga.

Han fortel at dei har tatt ei rekkje grep den siste tida for å få fleire til å velje læraryrket. Karakterkrav i norsk og matte for lærarutdanningane har vore omdiskutert dei siste åra. Nytt i år er at det etter hovudopptaket har vore mogleg å søkje opptak i mange lærarutdanningar utan å ha karakterkrava på plass.

Det har mange nytta seg av. Ifølgje tal frå regjeringa 10. september, har meir enn 800 studentar takka ja til studieplass på lærarutdanningar i lokale opptak der karakterkrava er fjerna.

– På den måten får vi fleire lærarar i andre enden, utan at det går ut over kvaliteten. Eg er trygg på at utdanningane følger opp studentane på ein god måte, slik at dei lærer det dei treng.

På spørsmål om karakterkravet er noko regjeringa vil endre permanent, svarar statsråden at dispensasjonen er innvilga på ubestemt tid, altså fram til institusjonen melder at dei ikkje lenger ønsker det, eller til det måtte kome andre føringar frå departementet.

– Vi vil løpande evaluere om dispensasjonsordninga fungerer slik ho er tenkt. Om ein lukkast med å utdanne gode lærarar som ikkje har innfridd nivåkrava, vil regjeringa vurdere å avvikle heile ordninga med særskilde karakterkrav.

Læraopptaket 2024

  • 35 lærarutdanningar ved 12 universitet og høgskular har fått dispensasjon frå karakterkrava ved årets opptak.
  • Etter 20. juli har utdanningsinstitusjonane i lokale opptak kunna fylle ledige plassar med søkarar som ikkje oppfyller nivåkrava.
  • I det ordinære opptaket gjennom Samordna opptak gjeld desse nivåkrava: Anten 35 skulepoeng og minimum karakteren 4 i fellesfaget matematikk og 3 i norsk eller 40 skulepoeng og minimum 3 i fellesfaget matematikk og 3 i norsk.

Kjelde: Khrono

 

Hoel trekker vidare fram gunstige ordningar for å få sletta delar av studielånet og fleire fleksible og desentraliserte lærarutdanningar som tiltak dei satsar på, slik at utdanningane blir tilgjengelege for fleire uavhengig av kvar i landet dei bur.

– Noko av det viktigaste vi kan gjere for å rekruttere og behalde lærarar, er å sørge for at barnehagar og skular er gode stader å jobbe. Dei som vurderer eit yrkesliv som lærar i barnehage eller skule, skal vite at dei vel ein meiningsfull jobb og at dei har ein attraktiv karriere framfor seg, uttalar Hoel.

Teknologien

Dei tre lærarane på Sommerskolen ser både fordelar og ulemper med karakterkrava.

– Eg tenker at karakterkrava er dumme fordi det kanskje vil avgrense nokon som ville vore gode lærarar frå å søkje yrket, men samstundes kan eg forstå at i til dømes matte, kan det bli veldig vanskeleg utan litt forståing for matematikk, meiner Tangstrøm, som spesialiserer seg i faget.

– Er det noko spesielt de tenker kan bli utfordrande som framtidas lærarar?

– Eg er litt redd for teknologien. Det blir jo brukt veldig mykje iPad og sånn no, og viss det skal halde fram i den retninga, så kan ein jo lure litt på om ein lærer like godt på den måten, seier Anna Lyche.

– Eg er heilt einig! Eg synest teknologien har tatt over altfor mykje, meiner Kristine Lesund.

Ho har vore vikar i både sjette- og sjuandeklasser, og har opplevd at elevar ikkje kan skrive for hand, fordi dei berre skriv på pc eller iPad. Den ferske læraren synest det er skummelt at teknologien går ut over heilt grunnleggjande ferdigheiter.

– Dei klarar ikkje å konsentrere seg heller med pc, for dei gjer andre ting. Det har eg kjent på som eit problem. Eg ser ikkje kva alle held på med, så mykje tid går med til ting dei ikkje skal, som går ut over læringa. Det er jo ikkje elevane sin feil, det er systemet, utdjupar ho.

Motiverte lærarar

Å vere lærar på Sommarskulen har gitt meirsmak, og alle tre er motiverte til å halde fram med yrket dei har studert eller studerer til.

– På sommarskulen får ein si eiga klasse, så sjølv om ein er i praksis i lærarutdanninga, blir det noko heilt anna å faktisk styre si heilt eiga klasse her. Så det er ei veldig god erfaring å få med seg, seier Tangstrøm.

Anna Lyche har bygd gapahuk med elevane på Sommerskolen. Ho synest det er spesielt kjekt når elevane er nyfikne og viser fram ting dei har lært i til dømes speidaren. | Foto: Privat