NTNU er nynorskversting – igjen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– At Noregs største universitet utmerkar seg som Noregs verste universitet når det gjeld å gje eksamensoppgåver på nynorsk er pinleg, seier skrivar i Norsk Målungdom, Eline Bjørke, i ei pressemelding.

I 2018 sendte Norsk Målungdom inn 69 klagar til 14 universitet og høgskular på vegner av nynorskstudentar som ikkje fekk eksamen på språket sitt, noko som er ny rekord.

Aller flest klager sendte dei til NTNU. Dei 20 klagene var fordelte på campusane i Gjøvik, Ålesund og Trondheim.

Les også: Norsk Målungdom tek grep for å hindra seksuell trakassering

Ber studentar om å klaga

Studentane har etter mållova rett på eksamen på eige språk, og lærestadene har etter universitets- og høgskulelova ansvar for å vedlikehalde og utvikle dei norske fagspråka.

Bjørke ser alvorleg på at studieinstitusjonane bryt mållova og oppmodar fleire til å klage.

– Jo fleire som klagar, jo større press legg vi på universiteta og høgskulane. Dei må få klår beskjed om at studentane ikkje tykkjer det er greitt når dei språklege rettane deira ikkje blir tekne på alvor, seier ho i ei pressemelding.

– Me ser kvart år at mange studentar ikkje får eksamen på nynorsk, trass i at dei er meldt opp som nynorskstudentar hjå lærestaden sin, seier krivar i Norsk Målungdom, Eline Bjørke. Saman med leiar Norsk Målungdom, Fredrik Hope, krev ho betring. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie E. Valvatne

– Ikkje noko «kvisleis»

I 2015 oppretta Norsk Målungdom ein klageportal for studentar som ikkje får eksamen på eige språk. Der kan studentar fylle inn eit enkelt skjema, og overlate saka til Norsk Målungdom, som tek klaga vidare til studiestaden og Språkrådet.

– Oftast er det manglande nynorsk. Dei som klagar over dårleg nynorsk klagar ikkje over småting. Då er det gjerne heilt ute. Det er ei klage på veldig dårleg nynorsk, men det er ikkje noko «kvisleis», seier leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope.

Han hugsar i likheit med mange andre då NTNU Gjøvik leverte ut ei eksamensoppgåve på tullenynorsk. «Fyr ein omfram fresemaskin verdsetjas denne mot kjøp av ny», stod det i oppgåva Ingeborg Steine Jensen fekk i statistikk og økonomi.

Prorektor for utdanning ved NTNU, Anne Borg, svarar i ein e-post til Framtida.no via avdeling for studieadministrasjon at dei tek kritikken på alvor. Foto: NTNU

NTNU lovar betring

Prorektor for utdanning ved NTNU, Anne Borg, svarar i ein e-post til Framtida.no via avdeling for studieadministrasjon at dei tek kritikken på alvor.

– I samband med digital vurdering, som no aukar i omfang ved NTNU, har vi avdekka tilfelle der oppgåvesett har vore tilgjengeleg på alle målformene, men at studenten ikkje har oppfatta at det har vore mogleg å velje anna målform. Vi ser no på korleis vi betre kan informere studentane om dette, heiter det i eposten til Framtida.no.

Dei understrekar at dei 140 000 studentane som kvart år gjennomfører eksamen ved NTNU har krav på å få eksamen på den målforma dei har valt.

–  Skal allereie vere på plass

Ved NTNU er det faglærar som har ansvar for å lage oppgåvesett ut i frå den målforma som studentane har valt. Instituttet skal syte for å gje faglærar oversikt over fordeling av målform i det enkelte emne før eksamen, og har ansvar for å sikra kvaliteten og at oppgåvene finns på dei ulike målformene.

NTNU vil no gå gjennom eksamenssvar for å avdekkja kor mange som ikkje har fått eksamen på målforma si.

 Kva tid kan studentar ved NTNU forventa å få eksamen på målforma si?

–  I utgangspunktet skal det allereie vere på plass, men vi vil følje opp dette for komande eksamensperiode. Vi vil også sjå på korleis vi betre kan støtte våre medarbeidarar som ikkje har norsk som morsmål ved utarbeiding av eksamensoppgåvesett på nynorsk, skriv Borg via avdeling for studieadministrasjon, som forsikrar om at:

– Vi er opptekne av kontinuerleg forbetring for at alle studentar skal få den målforma på eksamen dei har krav på.

Målungdommen: – Har forstått delar av problemet

– Det er heilt rett at dei må ha ein skikkeleg gjennomgang gang. Me har ikkje fått alle klagene som kunne vore sendt. Det er store mørketal, så det er viktig at dei undersøkjer sjølv, understrekar leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope.

Han er positiv til at universitetet vil laga system for kva ein gjer når faglæraren ikkje meistrar nynorsk, noko mange utdanningsinstitusjonar manglar.

– Det må vere eit system som ikkje er avhengig av person, men der institusjonen har god politikk og god praksis, seier Hope, og legg til:

– Det verkar som om dei meiner ting er på stell i utgangspunktet, noko som vitnar om at dei berre har forstått delar av problemet. Ein må flytta problemløysinga frå person til institusjon, slik at ikkje alt vert opp til den enkelte faglæraren, understrekar Hope.