Ella Marie Hætta Isaksen: – Stjernekamp har gjort meg sterkare

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 30.10.2018 16:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Da eg var lengst nede i depresjon, var det å sette seg framfor pianoet og synge det einaste som fungerte, seier Ella Marie Hætta Isaksen.

Ho møter Framtida.no på ein kafe i hovudstaden, rett etter ein uformell twerke-konkurranse med dei andre deltakarane i Stjernekamp, og før eit møte med bandkollegaane sine.

Det går i høgt tempo for den tjue år gamle musikaren. Det siste halvanna året har både ho sjølv og bandet hennar, ISÁK, fått meir og meir merksemd. No er ho yngste stjerneskot i NRK si laurdagssatsing Stjernekamp.

No har Isaksen det bra. Sånn har det ikkje alltid vore.

Frå oppveksten i Tana til dramalinja i Alta

Da Ella Maria Hætta Isaksen var 16 år, skulle ho byrje på dramalinja på vidaregåande. Ho flytta frå den trygge heimplassen i Tana til ein hybel i Alta.

Isaksen skildrar åra på vidaregåande som ei tid der ho hadde det tungt psykisk.

Med seg heimefrå, hadde ho eit elpiano ho hadde fått i julegåve av foreldra.

Fram til da hadde ho brukt pianoet til å lære seg notar og å spele. No oppdaga ho at å spele og synge var det som hjalp mest når ho hadde det tungt.

Følelse av å hamne i transe

– Plutseleg vart det eit verktøy for å skrive musikk. Eg sette meg ned ved pianoet, brukte telefonen for opptak, og berre byrja å spele.

Ho forklarer at ho har mange lydopptak der ho sit og gret når ho syng. Ho beskriv det som noko meditativt. Noko som hjalp henne å få ut kjenslene.

– Eg berre improviserte. Mange gongar fekk eg ei følelse av å hamne i transe. Når det er noko som vil ut av sorg, smerte og sinne, da set eg meg ned med pianoet. Da kjem det ut.

Hætta Isaksen beskriv det å lage musikk som ein meditativ tilstand der musikken berre kjem. Foto: Beate Haugtrø

– Der og da så er det ikkje noko bevisst eg gjer. Det berre kjennast som at det ikkje er eg som skriv det. Det følast nesten som det er noko utanfor meg sjølv som driv det for meg, seier Isaksen om det å lage musikk, til Framtida.no. Foto: Beate Haugtrø

Ho skildrar det som ei utruleg deilig og frigjerande kjensle.

– Musikk er litt vanskeleg å beskrive, det er difor vi speler det, forklarer ho.

Les også: Korleis K-pop reddar verda

Ting gjekk fort

Hætta Isaksen skreiv mykje musikk på vidaregåande, og heilt frå starten «kasta ho seg i det» med å framføre songane for andre. Det gjekk ikkje lang tid før ho byrja å gi ut musikken. Da ho i fjor var med å starte ISÁK, gjekk ting ganske fort.

Ho har vunne Sami Grand Prix, opptredd med Kringkastingsorkesteret, bandet hennar har spelt på fleire festivalar, og no er ho yngste deltakar i Stjernekamp på NRK.

– Plutseleg var det det eg skulle gjere. Eg veit at eg skal skrive musikk, seier ho.

Ella saman med Daniel Eriksen og Aleksander Kostopoulos i ISÁK. Foto: Mads Suhr Pettersen

Les også: Fangar heile verda frå Jæren

Brukar joik når orda ikkje strekk til

Bandet spelar elektronisk pop. Men når orda ikkje strekk til, så brukar ho joiken.

– Joik er noko eg har forelska meg i den siste tida. Det er det vakraste eg veit, å bruke det. Det er ikkje som å synge noko. Ein målar nokon med sjølve melodien. Beskriv ei stemning, eit menneske, ei kjensle.

Ho forklarer at joiken er ein mykje meir direkte måte å uttrykke seg på. At det handlar om urkraft og å hente fram noko frå sitt indre, å bringe noko av seg sjølv inn i det.

Mange av låtane syng ho på engelsk og på samisk. Så kjem det eit parti med joik:

– Når eg kjem til punktet eg ikkje klarer å forklare med ord lenger, så joikar eg det. Det er mange som ikkje er vane med å høyre joik, som opplever det som veldig sterkt.

Les også: Det er mange måtar å vere samisk på

Stjernekamp

Å delta på Stjernekamp er intenst. Lynkurs i nye musikk-sjangrar, påfulgt av 700.000 sjåarar få dagar etterpå. Ein jury som skal bedømme alt du framfører. Kontrasten til å sitte for seg sjølv ved pianoet er stor.

Ella Maria Hætta Isaksen beskriv det som eit sirkus å vere med i Stjernekamp. -Ei ekstrem setting å vere i, men ho har eg gitt meg hen til kaoset, seier ho til Framtida.no. Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

– Det er ei ekstrem setting å vere i. Men no etter tredje veke, kjenner eg meg komfortabel i  det. Eg har gitt meg hen til kaoset, og blitt van med at det er sinnsjukt mange inntrykk på ein dag. Eg er takknemleg for alt eg lærer, seier ho.

Å delta har både positive og negative sider, men ho trur at å stå framfor eit så stort publikum og motta både ros og kritikk, er noko som gjer henne tøffare og sterkare som artist.

– Det gjer at når eg skal heim og skrive så er eg ikkje redd for korleis det blir når eg skal synge foran andre. For det har eg gjort heile tida.

Les også: Slampoet Ánná Káisá (24) kåra til årets unge samiske kunstnar

Lagar musikken for å dele vidare

Sjølv om ho er i ei eiga boble når ho skriv, ønskar ho å dele musikken med andre.

– I prosessen hjelper det meg sjølv. Men eg liker å forme meg som artist og låtskrivar framfor folk. Til sjuande og sist vil eg seie det høgt til andre, og bidra i samfunnsdebatten, seier ho.

For Hætta Isaksen så er vegvalet som musikar både ei gåve og ei forbanning.

– For å skrive så vonde ting, må ein kjenne på dei følelsane og. Eg har valt å gå med det. Eg veit ikkje kvifor eller kva, men eg veit at eg er nøydd til å skrive musikk og å formidle det på scena, seier Isaksen.

QUIZ: Kva veit du om samisk og samisk kultur?