Kristoffer Øyehaug, Marte Særsten Stien, Jens Øyen Kloster og Salman Akhtar Chaudhry på VG1 Media på Stord vidaregåande skule har laga podkast om korleis me kan bli meir berekraftige.
– Me må slutta å kjøpa unødvendige ting, seier Kristoffer Øyehaug i podkasten.
– Kvart år blir det laga 100 milliardar plagg, sjølv om det finst masse godt brukande plagg som berre er brukt, held Marte Særsten Stien fram.
I podkasten får du høyra tips til korleis du kan bli berekraftig – og elevane fortel òg om bytedagen dei skal ha på skulen onsdag 20. februar.
Les også om dokumentarfilmen Tomorrow som blei vist under Berekraftvekene på skulen: Er det mogleg å laga ein positiv dokumentar om klima?
Oppdatert:
tysdag 19. februar 2019 15.21