Hundre år med hagekunst og grøn estetikk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

BRUK UTESTEMMA: Tore Edvard Bergaust, leiar for Institutt for landskapsarkitur, håpar jubileumsåret kan føra til at folk får ei større forståing for kva landskapsarktitektur er. Foto: Håkon Sparre / NMBU

Då dei første studentane blei tekne opp i faget i 1919 var det på det som den gongen heitte linja for hagearkitektur. Studiet var ikkje berre det første i sitt slag i Noreg, det var også den første høgare utdanninga i faget i Europa.

– I dag er det kanskje ingen som tenkjer på det, men sidan den gongen har vi i grunnen vore over alt i samfunnet, seier leiar Tore Edvard Bergaust i Institutt for landskapsarkitektur ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås.

Faget hagekunst byggjer på ein fleire tusen år gammal tradisjon, men her i landet var denne tradisjonen ikkje særleg utbreidd. At vesle, fattige Noreg skulle bana veg for utdanninga av hagearkitektar, var difor på ingen måte sjølvsagt.

Fagfolk kallar i dag satsinga for oppsiktsvekkjande, men ikkje tilfeldig. Dei meiner at den nye utdanninga var ein del av nasjonsbygginga og ein måte for Noreg å hevda seg på som ein sjølvstendig kulturnasjon etter lausrivinga frå Sverige i 1905.

Les også: Dette faget skal bu elevane på hundreårets krise

BANA VEG: Landskapsarkitektutdanninga ved Norges mijlø og biovitskaplege universitet på Ås feirar i år hundre år. Utdanninga var den første i sitt slag både i Noreg og Europa.
Foto: Kjersti Sørlie Rimer / NMBU

Parkar på dagsorden

Kva landskapsarkitektane har lagt vekt på, har utvikla seg i takt med historia og skiftande trendar. Då instituttet og faget blei oppretta, stod Noreg og resten av Europa midt i ei brytningstid.

– Dei første landskapsarkitektane kom etter store omveltingar i Europa. Den første verdskrigen var slutt. Verda var i forandring. Vi fekk tekniske nyvinningar, urbanisering og meir fortetting i byane. Det førte til at det blei viktig å skapa vakre omgjevnader for folk i kvardagen, seier Bergaust.

I starten var ein mest opptekne av hageanlegg og parkar. Med auka tilflytting til byane blei parkar sett på den politiske dagsordenen. Mens førebileta tidlegare hadde vore romantiske parkar og hagar i Europa, blei det no viktigare å skapa bruksparkar for folk flest.

Parkane skulle ikkje lenger berre vera fine å sjå på. Dei skulle også bidra til betre helse og vera ein praktisk og sosial møteplass med rom for kvile, leik og idrett.

HAGEKUNST: Hagekunsten og det estetiske har alltid vore viktig landskapsarkitektane.
Foto: Kjersti Sørlie Rimer / NMBU

Frå parkar til parkour? Les om fagskulen der elevane får studiepoeng i stunt. 

Med naturen for folk

I 1969 blei namnet på studiet endra frå hagearkitektur til landskapsarkitektur. Arbeidsoppgåvene blei utvida, og landskapsarkitektane blei innlemma i alt frå utforminga av offentlege uteområde, gater og skulegardar til planlegging av område rundt vasskraftanlegg, vegutbygging og andre større utbyggingar i naturen.

Ifylgje instituttleiaren arbeider det i dag godt over hundre landskapsarkitektar berre i Vegvesenet åleine

For landskapsarkitektane har det heile tida vore viktig å spela på lag med naturen samtidig som dei har eit samfunnsoppdrag. Mottoet har vore «Med naturen for folk».

VEG I LANDSKAP: Mange landskapsarkitektar samarbeider i dag med Statens vegvesen. Her utsiktsplass med sitjebenk og sti av betong ved Vedahaugane på fjellvegen frå Lærdal til Aurland på Nasjonal turstiveg Arulandsfjellet. Landskapsarkitekt: LJB as / Lars Berge. Foto: Per Ritzler / Statens vegvesen

I dette arbeidet er det mange omsyn å ta. I tillegg til det estetiske må landskapsarkitektane ha forståing både for terrenget, naturgrunnlaget, klima, vêr og vegetasjon.

– Det handlar også om å ha forståing for stader og få tak i identiteten eller stadkjensla til stad, strekar Bergaust under.

Trass i at det har vore utdanna landskapsarkitektar her i landet i hundre år, ser han framleis døme på utbyggjararsom ikkje har vore like flinke til dette, og som får han til å gremmast. Ikkje minst i distriktet.

– Det handlar om å løfta blikket og sjå på heile området. Der synest eg politikarane er litt tafatte, seier han.

Les også reportasjen om 23 år gamle Nellie som er så entusiastisk for mose at ho danka ut 2400 andre til ein jobb i BBC.

– Landskapet påverkar oss

ØVING GJER MEISTER: Estetikk og formgjeving er ein viktig del av studiet i landskapsarkitektur. I studiet får studentane god trening i å øva seg på å formgje omgjevnadane. Foto: Håkon Sparre / NMBU

Korleis landskapet og omgjevnadene rundt oss ser ut, er ikkje likegyldig, meiner instituttleiaren.

– Landskapet påverkar oss og gjer noko med oss både psykisk og fysisk, slår han fast.

Forskarar har til dømes funne ut at sjukehuspasientar som har vindauge vendt mot det grøne, blir raskare friske enn pasientar utan slik utsikt.

På same måten meiner Bergaust at omgjevnadene rundt oss kan vera med å bidra til auka trivsel, få folk meir ut på tur, skapa betre helse og sosial utjamning.

Med himmelen som tak ivrar han difor for at landskapsarkitektane skal vera med å byggja det han kallar gode kvardagsutestover for folk.

Les også om 20 år gamle Aurora: – Arktis er verdas beste klasserom!

Kampen for ei blågrøn framtid

Dei seinare åra har klimaendringane blitt stadig viktigare for landskapsarkitektane. Ved instituttet arbeider ein i dag med ei rekkje tema knytt til miljø- og klimautfordringar.

– Landskapet skal fungera og sjå bra ut både når det er tørt og når det pøsar ned, seier instituttleiaren.

Det blir mellom anna arbeidd mykje med å finna løysingar som kan handtera ekstremvêr og store nedbørsmengder.

REGNBED: Klimaendringane har skapt nye utfordringar for landskapsarkitektane. Her testar ein korleis såkalla regnbed kan samla opp og ta vare på store vassmengder for å unngå flaum i samband med styrtregn. Foto: Håkon Sparre / NMBU

I framtida trur instituttleiaren det blir viktigare og viktigare å få til det han kallar fleirfunksjonelle blågrøne løysingar i by og land. Det handlar om løysingar som både kan møta klimaendringane, leggja til rette for gode møteplassar ute og skapa nærmiljø som fremjar trivsel og folkehelse.

– Vi må tenkja heile samfunn. Det handlar både om kva vi kan bidra med, og kva andre kan bidra med. Folk må forstå at landskapsarkitektur ikkje er pynt. Det handlar om omtanke og om å skapa gode kvardagsopplevingar. Folk skal føla at samfunnet bryr seg om dei.

Les også om forskingsprosjektet New Water Ways som skal bu landet på kraftigare nedbør: – Det er eit problem på alle stader ein har tette overflater og asfaltert veg.