Korleis er det å vere 18 i 2018?

Anndrine Lund frå Rena er ei av 21 jenter i The New York Times si digitale jentesatsing #ThisIs18.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anndrine Lund (18) er aktiv i både AUF og Arbeidarpartiet samstundes som ho førebur seg på russetida. Foto: Privat

Anndrine Lund (18) er aktiv i både AUF og Arbeidarpartiet samstundes som ho førebur seg på russetida. Foto: Privat

– Eg er 18 år, har fått lappen, er snart ferdig med skulen og fokuserer mellom anna på russetida. Ein har jo problem, men det kan ikkje samanliknast med til dømes ho som er gift og ho som ønskjer å læra seg å køyre, seier Anndrine Lund.

18-åringen frå Rena er ei av 21 jenter verda over som er med i The New York Times sitt store prosjekt #ThisIs18, som vart lansert på den internasjonale jentedagen 11. oktober.

I tillegg vert det internasjonale fotoprosjektet fronta på Instagram og i eit eige bilag til utgåva av The New York Times som kjem 18. oktober.

Les også: Musikkvideo redda Sonita (16) frå barneekteskap

«Grab ’em by the pussy»

– Om det er noko eg vil gjere no må eg be spørje mannen min og andre familiemedlem først, seier Shama Ghosh frå
Bangladesh til The New York Times. Ho er gift og drøymer om å bli lærar. Foto: Tahia Farhin Haque for The New York Times

I prosjektet løftar den amerikanske avisa fram førebilete som Malala Yousafzai, som på 18-årsdagen sin opna ein skule for syriske flyktningar. Dronning Victoria, som vart regent i ein alder av 18 år. No 18 år gamle Emma González, som overlevde skuleskytinga i Florida og Serena Williams, som vann sin første grand slam året ho vart 18.

På førehand hadde Lund aldri tenkt at det ville bli så stort, men ho synest det er spanande å få vere med på eit så viktig prosjekt.

– Det er morosamt å sjå korleis andre jenter har det. Det er ganske store forskjellar. Nokon er gift, nokon går i kyrkja kvar dag og tek det som ei sjølvfølgje, medan eg bur for meg sjølv, køyrer til skulen og ser på det som eit normalt liv.

– Korleis er det å vere 18 år gammal jente i 2018?

– Det er ikkje nødvendigvis slik at det berre gjeld jenter på 18 år, men eg har tenkt på at jenter framleis er undertrykt. Anten du vert tvungen til å gifta deg, eller har fått Trump til president, som seier «grab ’em by the pussy», så må jenter framleis stå opp og kjempe for sin rett. Det er ikkje like ille over heile verda, men òg i Noreg har me problem med likeløn, deltidsstillingar og at ein ikkje kjenner seg trygg på byen.

Les også: Noreg forbyr barneekteskap: – Ein milepæl

Faksimile: The New York Times

Fryktar høgreekstremisme

Lund trur ikkje det er alle stader 18 år gamle jenter vert tekne like mykje på alvor, men viser mellom anna til ei av dei andre deltakarane frå Washington USA som eit godt døme på at det går an å jobbe hardt og bli tatt seriøst som 18-åring.

– Eg er jo politikar i Arbeidarpartiet og ser at eg vert tatt på alvor, sjølv om eg kanskje måtte skrike litt ekstra i starten for å få respekt på grunn av alderen min.

På spørsmålet til New York Times om kva ho frykta mest svarte Lund høgreekstremisme.

– Eg håpar generelt at verda vil bli meir likestilt og at det vert naturleg å seia at ein er feminist utan at det er noko skummelt og farleg. Det er framleis problem i verda som me må stå saman om å løyse. Det skal ikkje vere slik at jenter vert tvangsgifte, me er like alle saman. I tillegg har alle rett til sine eigne meiningar og ytringsfridom. Men eg er veldig redd for den høgrebølgja me ser no og trur det kan verte vanskeleg å få ei likestilt verd om det utviklar seg.

Frå lappar til What’s app

Fotoredaktør i New York Times og ansvarleg for prosjektet, Sandra Stevenson, skildrar jentene som er med i prosjektet som «kompromisslaust autentiske».

Fotoredaktør i The New York Times og ansvarleg for #ThisIs18, Sandra Stevenson, meiner 18-åringar verda over er meir like enn ulike. Foto: The New York Times

– Dei er velartikulerte med eit utruleg interessant syn på verda, seier Stevenson på telefon til Framtida.no.

Avisa har fått unge fotografar frå heile verda til å finne tre jenter som fyller 18 år i 2018. Det har gitt eit mangfald av unge kvinner som har fellesnemnaren at dei vart fødd i år 2000.

Den einaste forskjellen Stevenson la merke til var geografien.

– Dei syntest alle å nemna Ariana Grande, noko eg tykte var fasinerande. Andre likskapar var at dei alle syntest å verkeleg verdsetja vener og venskap. I tillegg er det interessant å sjå korleis dei alle såg ut til å verkeleg ha nære band til mor si, seier Stevenson, som sjølv er mor til ein 18-åring.

Elles hadde jentene mykje av den same uroen for klimakrisa og kva dei skal gjere i framtida.

– Dei minna meg om då eg sjølv skulle på college og lurte på kvar eg skulle ta vegen. Den største forskjellen er kanskje teknologien og korleis dei brukar telefonane sine til å kommunisera. Medan me sendte lappar har dei alle tilgang på What’s app eller liknande.

Madison Breanne Justice frå Clarksdale, Mississippi, har tatt pause frå skulen for å ta seg av sin 13 månader gamle son Jeremiah. Her får ho hjelp av mor og bestemor. Foto: Yasmine Malone for The New York Times

Headhunta fotograf

Celina Christoffersen har fagbrev som fotograf og studerer no vidare på Bilder Nordic School of Photography. Det var rektor Inge Helland som tipsa The New York Post om den unge fotografen.

Fotograf Celina Christoffersen trudde nesten ikkje det var sant då ho fekk oppdraget for The New York Times. Foto: Privat

– Eg trur det er det største eg har gjort. Det var veldig gøy, men òg litt skummelt. Eg brukte lang tid på å forstå at det var på ordentleg, seier Christoffersen til Framtida.no.

Anndrine Lund, som ho kjente til som politisk motstandar frå ungdomspolitikken var ein av tre kandidatar ho spelte inn til redaksjonen i New York, som valgte ut AUF-politikaren.

Christoffersen meiner prosjektet er viktig og synest det er spesielt interessant å sjå dei kulturelle forskjellane frå land til land.

– Eg håpar at ein kan sjå at alt er mogleg uansett kor ein er frå. Ta til dømes Liana frå Iran, som speler sekkepipe. Ho er ein av få kvinnelege sekkepipespelarar i Iran. Det er mange interessante historier som eg håpar folk kan ta inn over seg og reflektere over.

Liana Sharifian er ein av få kvinnelege sekkepipespelarar i Iran. Her er ho med det tradisjonelle instrumentet som kallast  ney-anbān. Foto: Atefe Moeini for The New York Times