Opnar for å stenga ute medlemmar som trakasserer

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Etter mykje debatt om det på landsmøtet, var det veldig mange som var positive til å ta dette inn i vedtektene våre, seier Gaute Eiterjord, nyvalt leiar i Natur og Ungdom.

– Som mange organisasjonar har me hatt høve til å ekskludera medlemmar som motarbeider politikken vår. Men eg tenkjer det er òg er viktig å ha høve til å ekskludera medlemmar som handlar i strid med regelverket og dei verdiane me står for.

Har hatt saker

Gaute Eiterjord stadfestar at også Natur og Ungdom har hatt saker med grenseoverskridande seksuell åtferd.

– Eg kan ikkje seie så mykje om enkeltsaker av omsyn til dei involverte. Slike saker blir behandla etter våre vedtekter og retningslinjer for grenseoverskridande seksuell åtferd.

Håpar på oppreinsking

Gaute Eiterjord seier organisasjonen skolerer både tillitsvalde og tilsette for å avdekka maktmisbruk. Gjennom programmet LNU Trygg har NU jobba med retningslinjer som skal gjera det trygt å vera medlem.

– Jo meir du får gjera i forkant, jo betre er det, seier Eiterjord.

Han håpar #Metoo-kampanjen vil gjera det lettare å varsla, og at det blir reinska skikkeleg opp slik at det blir lettare å vera aktiv.

– Det som har skjedd i Unge Høgre, viser kor viktig det er at ein jobbar med dette, seier han.

Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Riise trekte seg førre veke etter at det kom fram alvorlege varsel om han.

Berre SU nemner trakassering

I vedtektene til Sosialistisk Ungdom heiter det at landsstyret vedtar interne retningslinjer for korleis SU skal handtera saker som omhandlar seksuell trakassering og seksuelle overgrep. Minst ein gong kvar landsmøteperiode skal desse retningslinjene reviderast og oppdaterast.

Ingen andre parti nemner seksuell trakassering eller overgrep i vedtektene sine, men fleire av partia har tekstar som Unge Høgre, som gjev høve til å ekskludera personar som ved sin handlemåte har skadd partiet.

Framleis medlem i KrFU

Unge Venstre og KrFU er dei einaste ungdomspartia som ikkje har ein eksklusjonsparagraf i vedtektene sine.

Generalsekretær i KrFU, Otto Galtung. Foto: Øyvind Ganesh Eknes, KrF

– Eg har ikkje gjort meg nokon tankar om det, men alle medlemmar har høve til å koma med framlegg om nye vedtekter. Eg har ikkje høyrt noko om eit slikt framlegg enno, seier generalsekretær i KrFU, Otto Galtung.

No i helga melde tidlegare i leiar i Akershus KrFU, Julia Sandstø, seg ut frå partiet i protest etter varsel om trakassering.

Partiet skal no laga nye retningslinjer for handtering av seksuell trakassering.

Den eldre KrFU-politikaren, som Julia Sandstø varsla om, har trekt seg frivillig frå alle verv. Ifølgje generalsekretæren i KrFU er han framleis medlem.

Sondre Hansmark

Leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark. Foto: Unge Venstre

Prinsipiell motstandar

Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre, meiner at det er problematisk å ekskludera ungdom frå eit politisk parti.

– Me er prinsipielt mot å ekskludera ungdom. Heldigvis har me ikkje hatt behov for å gjera det, heller. Det ordnar seg som oftast å snakka med vedkomande, seier han.

Han legg til at vedtektene opnar for at tillitsvalde kan mista verva sine dersom dei har gjort handlingar som bryt mot tilliten som er gjeve.

Fakta:

Dette er den nye paragrafen i vedtektene til Natur og Ungdom:

  • 3.15. Arbeidsutvalget kan suspendere medlemmer for grenseoverskridende seksuell atferd eller vold. Et enstemmig arbeidsutvalg kan ekskludere etter vedtak om suspensjon. Beslutningen kan ankes til sentralstyret. Ingen kan ekskludere uten først å ha fått mulighet til å forklare seg.

Desse partia har ein eksklusjonsparagraf:

Raud Ungdom

Sosialistisk Ungdom

AUF

Senterungdommen

Grøn Ungdom

Unge Høgre

Framstegspartiets Ungdom