Venstre vil sikra nynorsken og dialektmangfaldet i Viken

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er relativt sett ein liten del nynorskbrukarar i Viken, og det er desto viktigare å legge til rette for at alle får bruke det språket som er mest naturleg for dei, seier Solveig Schytz til Framtida.no.

Ho er 1. kandidat for Venstre i fylkestingsvalet til hausten.

Saman med ordførarkandidat i Ål, Sissel Urke, fekk ho fleirtal på stiftingsmøtet for at partiet skal jobbe for at det nye fylket Viken skal utarbeide ein språkbruksplan. Denne planen skal ta vare på dei språklege rettane til innbyggjarane.

Tre nynorskkommunar – men mange nynorskingar

Etter samanslåinga av Akershus, Buskerud og Østfold vil bokmål få eit endå større fleirtal i høve til nynorsk, enn det hadde i Buskerud. Berre tre av dei 49 kommunane i den nye Viken fylkeskommune vil vere nynorskkommuner, og 681 born i grunnskolen har nynorsk som hovudmål i Viken i dag.

– Men desse tala syner berre ein del av biletet. Det bur nynorskbrukarar i heile Viken, understrekar Solveig Schytz.

I 2016 bad 21 642 personar og føretak i Østfold, Akershus og Buskerud om å få skattemeldinga på nynorsk. Mange nynorskbrukarar er i eit lite mindretal i kommunen og regionen dei bur.

Les også innlegget til Jakob Semb Aasmundsen: «Reaksjonane på at vi skal få nynorsk som tenestespråk i Vestfold viser kor trongsynte vestfoldingar verkeleg er.»

Viktige skular

– Dei vidaregåande skulane som tek i mot nynorskelevar vil ha ei nøkkelrolle. Det er òg viktig at nynorskelevar som må gå på vidaregåande skular i bokmålsområde, også får oppfylt dei språklege rettane dei har krav på, og at elevane får god støtte i å halde fram med nynorsk som hovudmål, understrekar ho.

Den nye regjeringsplattforma, Granavollenerklæringa, slår fast at ein skal utgreie språkdelte ungdomsskular, slik at ein kan ha klassar med både nynorsk og bokmål som hovudmål på same skule. Det opnar for at fleire barn og ungdom i heile Viken kan velje nynorsk som hovudmål i skulen.

LES OGSÅ: Kjende artistar skal oppmode elevar til nynorskbruk

Går for nøytral målform

Venstre vil at Viken fylkeskommune skal ha nøytral målform og nytte begge målformer i kontakt med innbyggjarane, og partiet håpar at ein språkbruksplan for Viken vil auke merksemda om språkbruk.

– Eg håpar me kan bygge ein kultur for å halde på språket, og framelske dialektmangfaldet i Viken. Det er både utdanningspolitikk og kulturpolitikk, seier Solveig Schytz til Framtida.no.

– Ein språkbruksplan skal munne ut i retningsliner for språkbruk i Viken fylkeskommune. og kan til dømes innehalde mål for bruk av begge målføre i publikasjonar og på nett, den kan seie noko om rettane til nynorskbrukarar i den vidaregåande skulen, og den kan stimulere til bruk av godt språk i offentleg forvaltning, seier Sissel Urke frå Ål Venstre i ei pressemelding.

Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope, er glad for tiltaka for å betra kåra for nynorsken i Rogaland. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

Hope: – Viken kan verte eit førebilete

Leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope, jublar over det han kallar gode takter frå Viken Venstre.

– Det er eit godt utgangspunkt å tenkja at Viken, som vert eit gigafylke, tek eit sånt ansvar. Det kan potensielt vege opp for ein del av dei negativ konsekvensane, meiner Hope.

Han peikar særleg på nynorskbrukarane i Hallingdal som går frå å vera i mindretal i Buskerud til å bli eit ekstremt mindretal i storfylket.

Han håpar språkbruksplanen kan stadfesta rolla dei vidaregåande skulane i Hallingdal og området rundt har i å ta vare på nynorskelevane.

Vidare håpar han at eit språknøytralt storfylke med ein aktiv språkpolitikk vil gjera det lettare å vera nynorskbrukar òg i andre delar av fylket.

– Viken kan verte eit førebilete for andre storfylke i søraust, som har område med over 100 år lange tradisjonar for nynorsk, der ein ser at tiltak for ei utsett gruppe elevar er høgst variererande, seier Hope.

Les også reportasjen vår om ungane som berre får snakka halling på dialektleir:

(F.v) 11 år gamle Henriette Hamre frå Gol vil ikkje snakke bokmål til vanleg og har haldt på dialekta. Ho og Anne Skølt (11) steva om Harry Potter.