Inkassogjelda til unge nordmenn aukar. Forbrukarøkonom Silje Sandmæl meiner unge treng å læra meir om økonomi.

mm

– Me må auke den privatøkonomiske kompetansen, særleg blant dei unge. Eg unnar ingen så vondt som å hamna i Luksusfellen.

Det slår forbrukarøkonom i DnB Silje Sandmæl fast frå scena under seminaret «Ta del – ikke dvel!», som vart arrangert på Næringslivets hus tysdag.

Ho trur mange likar TV3-programmet der ho sjølv er rådgjevar, nettopp fordi det får sjåaren til å føla seg betre.

– Men dei er ikkje tjukke i hovudet. Eg har mange vener som har hamna i luksusfellen, men dei stiller ikkje opp på tv. Dei tør ikkje snakka om det, fordi økonomi er tabu. Me treng meir openheit.

Test deg sjølv: Kva kan du om økonomi?

Unge veit minst om økonomi
Under seminaret lanserte AksjeNorge i samarbeid med Finans Norge, Agderforsking og Finansforbundet ein fersk rapport om nordmenns finansielle forståing.

Funna tyder på at det er dei under 30 år som kan minst om renter, inflasjon og økonomi.

Både finansminister Siv Jensen, administrerande direktør i Finans Norge Ivar Kreutzer og forskar Ellen K. Nyhus, tvilar på om nordmenn har gode nok økonomikunnskapar til dagens situasjon, med stadig fleire valmoglegheiter, individuell fridom og ansvar.

I løpet av ti år – frå 2004 til 2014 – har nordmenns gjeld auka betydeleg meir enn inntekta. Medan gjelda auka med 96 prosent, auka inntekta med 58 prosent.

– Og dei unge er mest utsett, slår Sandmæl fast.

LES OGSÅ: Kvinner kan mindre om økonomi

Inkassofella
I forkant av innlegget hadde finansminister Siv Jensen brukt dei fleste av poenga til den medievante forbrukarøkonomen. For det er det same dei er uroa for: Aukande gjeld, som overstig inntektene, særleg blant unge. Og at nordmenn, som er van med romsleg økonomi, kan bli nøydde til å omstille seg.

– Er det nokon som veit kor mange nordmenn som har betalingsmerking?

– 230.000, kjem det frå den dresskledde salen.

– Nye tal er nesten 250.000. Det er heilt vilt. 250.000 har latt rekningane sine gå til inkasso. Kva kjem det av?

Sandmæl, som gjennom jobben sin har vore mykje ute og snakka med norske skuleelevar, opplever at så mange som halvparten ikkje anar kva ein betalingsmerknad er. Dei anar ikkje at dei kan få forseinkingsrenter og at dei risikerer å ikkje få bustadlån og mobilabonnement.

Nye tal frå Kredinor syner at nordmenn hadde over 70 milliardar i uteståande inkassogjeld i 2015. Den største endringa ser ein hjå ungdommar mellom 18 og 25 år, der talet på saker har auka med 31 prosent.

LES OGSÅ: Dårleg økonomi gjev dårleg helse

Løysinga er kunnskap
Sandmæl er viss på at situasjonen hadde vore ein ganske anna om nordmenn fekk meir kunnskap om økonomi.

Ho peikar på at økonomi er ein viktig bærebjelke i livet, som kan gå utover både den psykiske helsa og sosiale relasjonar.

– Kor ofte har eg ikkje høyrt folk seie «Eg skulle berre visst!»?.

– Når eg møter elevar som skal ut på bustadmarknaden om to år og spør kor mange som har spart. Kor mange hender ser eg i veret? Ingen! Den norske grunntanken er at alle skal stilla likt uansett posisjon, men økonomisk fornuft går i arv. Dersom eg ikkje snakkar om pengar, ikkje bryr meg om kva jobb eg har og sløsar, så gjer ungane mine det òg.

LES OGSÅ: Finansministeren uroa over privatøkonomien

– Skulen må ta ansvar
80.000 barn og unge i Noreg vert rekna som fattige og Sandmæl ser ein trend blant deltakarane i Luksusfellen, der så godt som ingen har familiemedlemmer som har moglegheit til å stilla som økonomiske kausjonistar.  

– Politikarane seier at dette er foreldra sitt ansvar, men gud betre! Ikkje la det vere det. Skulen må ta ansvar, det same må finansnæringa.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

Kommentarar

ANNONSE