Då Karen Kyllesø gjekk heilt åleine over eit snødekt Antarktis, kom dagdraumane ho hadde som barn tilbake.

Karen Kyllesø har eitt minne frå ho var rundt fire år gammal. Ho var ute i båt med faren. Medan han trekte opp garn, fekk ho styre påhengsmotoren. Det å få kontrollere båten, å få ansvar for noko, å kunne hjelpe far sin – kjensla som sette seg i minnet hennar, som ho hugsar betre enn noko anna frå dei første leveåra hennar, var ei kjensle av meistring.
– Det er det det handlar om for meg, seier ho på telefon til Framtida.no 17 år seinare.
– Meistringskjensla er viktig.
Yngste kvinne til sørpolen
13. januar i år var Karen Kyllesø (21) framme ved Sørpolen. Turen gjekk over 1130 kilometer, og ho drog med seg to pulkar som til saman vog over 100 kilo då ho starta. Ferda tok 54 dagar. Ho er den yngste nokosinne som har gjort det.
– Eg er ikkje så oppteken av den rekorden, det er berre ein bonus. Men eg har drøymt om og planlagt turen sidan eg var 15 år. Det er nok ikkje så mange som kjem på å gjere noko slikt i så ung alder, seier ho.
Kyllesø skildrar turen som lang, kald og monoton, men også veldig lærerik. Ho vart også tvinga til å ta ned tempoet.
– Eg vil helst gjere alt på ein gong. Ein ser på alle andre rundt seg, kva dei gjer og oppnår. Men på denne turen er det berre éin ting å gjere, og det er å ta eitt steg om gangen, éin dag om gongen. Det tar eg med meg heim igjen, det å roe litt ned. Så når ein måla etter kvart, seier ho.
Turen var vel så mykje ein mental prøve som ein fysisk, seier Kyllesø.
– Ein lærer mykje om seg sjølv når ein må stå i ei sånn utfordring åleine.
Naturbarn
Kyllesø fortel at ho alltid har vore interessert i å vere ute i naturen. Då ho var lita, var ho mykje på ski med foreldra. Då var det ekstra stas å gå ein lang tur, eller å gå ein runde på eventyr utan mor og far.
Ho byrja tidleg å dra åleine på telttur i skogen. Ho gjekk ikkje lenger enn at ho hadde telefondekning og lett fann vegen heim. Men det at ho fekk lov og støtte frå foreldra, reknar ho som viktig for at interessa fekk bløme. Og neste gong kunne ho dra endå litt lenger enn førre. Etter kvart vart turane ganske lange.
Ho las bøker om Fridtjof Nansen og Roald Amundsen og vart inspirert av Cecilie Skog og Børge Ousland. Ho fekk lyst til å gå ein lengre tur sjølv, og då ho var 14 bestemte ho seg: Ho ville gå over Grønland.
Ho fekk hjelp frå far til å planlegge turen, men ho fortalde det ikkje til mor før planlegginga var komen så langt at ho ikkje kunne seie nei.
– Eg og far er drøymarar, og mor er realist. Ho vil at eg skal ha god trening og godt utstyr, og passe på at alt er på plass. Det er ein god kombinasjon å ha rundt seg, seier Kyllesø.
Heilt åleine
Grønland er verdas nest største isbre. Då ho var på veg over Grønland som 15-åring, var det berre eit naturleg steg vidare: verdas aller største isbre, Antarktis.
Turen over Grønland var ein gruppetur i lag med erfarne folk, men Sørpolen hadde Kyllesø lyst til å erobre åleine. Ho ville teste seg sjølv og sjå kva ho kunne klare.
Dei fleste dagane gjekk ho i ni timar. Dei dagane ho var sliten, gjekk ho litt kortare; på sluttspurten gjekk ho litt lenger.
– Kjeda du deg?
– Eg hadde trudd at det skulle vere veldig monotont. Men når landskapet er så likt, legg du meir merke til skilnadene. Det var forskjell i vêret. Nokre stader var det store skavlar, kalla sastrugi, som kan bli opp til to meter høge.
Sastrugi er snødyner som vert forma av vinden. Kyllesø hadde høyrt om desse mystiske formasjonane frå andre polfararar, og det var kult å få oppleve dei sjølv, synest ho.
– Det var som å gå gjennom eit lite fjellandskap. Eg kjende meg nesten som ei kjempe som gjekk mellom store fjell. Samstundes kjende eg meg kjempeliten, åleine på kontinentet, kanskje den mest einsame i verda, seier ho.
Kyllesø hadde med seg musikk, podkastar og lydbøker. Men etter kvart fann ho ut at ho ikkje trong underhaldning på øyra.
– Det var like fint å gå utan. Då eg var barn, gjekk eg mykje og dagdrøymde. Eg har mista det litt når eg har vorte eldre. Heime sit eg mykje på telefonen og gjer noko for å distrahere meg. Der nede fekk eg litt tilbake den dagdrøyminga frå då eg var barn, fortel ho.
– Det er berre fint og sunt å keie seg litt.
Tøft for kroppen
Høgdepunktet med turen var totalopplevinga. Å vere så lenge på tur, vere så lenge avlogga.
– Den sjansen får ein ingen annan plass i verda, seier ho.
Den største utfordringa var alle høgdemetrane. Sørpolen ligg 2800 meter over havet, og lufta ved polane er mykje tynnare. Kyllesø sleit med smerter i lungene og fekk kuldeastma.
– Eg hadde sett for meg ein spurt på slutten, men det gjekk ikkje. Eg måtte roe ned farta i staden. Det var det tøffaste, fysisk men også psykisk.
– Var det noko tidspunkt du tenkte «dette gidd eg ikkje meir»?
– Nei. Men på starten av turen var det heilt enormt snøfall på Antarktis. Kontinentet er verdas største ørken, det er mindre nedbør enn Sahara, vanlegvis. Men på starten av turen gjekk eg opp til knea i nysnø. Det var veldig tungt. Først etter 18 dagar fekk eg beskjed om at det kom til å bli betre. Då hadde eg brukt opp ein tredel av maten, men berre gått ein sjettedel av distansen. Eg hadde ikkje lyst til å gi opp, men nokre gonger lurte eg på om eg kom til å komme meg heilt fram, seier ho.
Takksam
Etter denne milepålen er det mange som har spurt Kyllesø kva som vert det neste. Framtida.no er ikkje noko unntak.
– Det handlar ikkje alltid om å krysse av eit punkt på ei liste, eller å toppe det førre ein gjorde. Det viktige er turglede, å vere ute og nyte naturen der ein er. Eg er takksam for å ha fått oppleve ein stad som Antarktis, og vere på eit så stort eventyr. Eg drøymer om fleire turar, men dei neste par åra vert det nok kortare turar nærare heime, slår ho fast.
Gode tips
Kyllesø har to gode tips til andre som vi la seg inspirere til å få store naturopplevingar eller reise på ekspedisjonar:
- Begynn i det nære og ta eitt steg om gongen.
– Ein drar ikkje til Sørpolen på dag éin. Start med omgjevnader nært heimen, og så kan du bevege deg litt og litt lenger vekk etter kvart, seier ho.
- Gjer det no!
– Eg har høyrt mange vaksne som seier «Eg hadde lyst, men så byrja eg å studere, og så måtte eg få meg ein jobb for å betale studielånet …». Det er ikkje nødvendigvis lettare å vente til du er godt vaksen. Ofte er det like enkelt å gjere det du vil medan du er ung og har få forpliktingar, seier ho.