Lærlingar i barnehage: – Kjekt å sjå korleis barna utviklar språket

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Linja for deg som likar ungar

– Me les mykje for barna, og bruker òg rollespel. Det er viktig å bidra til å utvikla språket til barna, seier dei to lærlingane i barne- og ungdomsarbeidarfag frå Bømlo.

Eit halvt år ut i læretida har dei lært mykje om Språkløyper, og korleis ein kan jobba med nynorsk og lesing i barnehagen.

lesing barnehage

– Det er viktig å skapa fellesskap med ungane om lesing, seier Maria Arendt. Foto: Svein Olav B. Langåker

Språkløyper er den nasjonale strategien for språk og lesing og skriving frå barnehage og ut vidaregåande. Både Stord og heimkommunen deira Bømlo er språkkommunar, og har fått støtte til å jobba ekstra med Språkløyper dei siste åra.

– Me speler blant anna brettspelet Lotto med 3-åringane, der dei må fortelja kva som står på korta. Der er morosamt å sjå korleis dei utviklar språket sitt, seier Maria Arendt, og legg til:

– Det er veldig viktig med repetisjon, og kjekt å sjå kor mykje dei hugsar for kvar gong.

Les også: Fleire skular på venteliste for å delta i nynorsk leseaksjon

Tilpassar lesinga

Kvar dag fører dei lesedagbok og får oversikten over kven som blir lese for.

– Korleis får dykk med dykk alle til å bli lese for?

– Det er nokon som av og til ikkje følgjer med eller ikkje blir med på lesinga. Då må me prøva å tilpassa oss og bruka nokre bøker som passar dei betre, fortel Valita Øksnes.

– Me kan òg mima med heile kroppen og verkeleg leva oss inn i boka, legg Maria Arendt til.

– Opplever de at ungane tar med seg det de har lese til dei med i leiken?

– Ja, det var ein gong eg las Hans og Grete, og då såg eg dei leika Hans og Grete etterpå, ler ho.

Maria Arendt (t.h.) og Valita Øksnes stod på stand på Utdanningsmessa for Sunnhordland sist veke. Foto: Svein Olav B. Langåker

Les også: Ny font hjelper deg med å hugse kva du les

Godt samspel

Maria Arendt har første året av læretida si i Stord kommune saman med venninna Valita Øksnes. Me treff dei medan dei står på stand for Stord kommune på Utdanningsmessa for Sunnhordland.

Første året er dei utplassert i barnehage, og andreåret skal dei vera i skulen.

– Det blir veldig spennande og sjå korleis ein jobbar i skulen, seier Valita Øksnes.

Dei to 18-åringane tok barne- og ungdomsarbeidarfag på Bømlo vidaregåande.

– Viss du likar ungar, er det ei veldig kjekk linje. Å jobba i barnehage er variert. Ungane er fantastiske og det er eit godt samspel mellom barna og dei vaksne, skryt Valita Øksnes.

Les også om «Årets bokmeldar» Silje Duus (15) som helst les bøkene VG slaktar