Vinnar av bokmeldarpris vil helst lese bøkene VG slaktar

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då er ho nemleg nesten sikker på at ho kjem til å like dei.

Og denne 15-åringen veit kva ho likar. Sidan september har ho lese elleve bøker, og skrive bokmelding om alle. Mange av dei er kritiske, men eit fåtal bøker også nådd opp til dei høgste terningkasta.

– Eg likar å seie det eg meiner. Kanskje er eg litt meir kritisk enn andre, men eg finn glede i å kunne slakte dårleg bøker, seier den blide lesehesten.

«Gratulerer!» seier Bjarte Bakken, tydeleg imponert over meldingane til Silje Duus. Foto: Ida Johanne Aadland

Onsdag vart ho overraska i klasserommet på Ruseløkka skole i Oslo av prosjektleiar i Foreninga !les, Bjarte Bakken. Silje trudde han kom innom for å levere fleire bøker til bokprosjektet klassen er med på, men det viste seg at han hadde med seg bollar, brus, ein iPad og eit diplom til «Årets bokmeldar», nemleg Silje.

Les også: Tolv gode sakprosabøker eg høyrte i 2018 (og som du bør høyra i 2019)

Ungdom kjenner ungdomen best

Å kåre årets bokmeldar har teke tid. Sidan september har 800 ungdommar skrive til saman 1200 bokmeldingar. Silje skreiv elleve, langt fleire enn dei flest.

– Herregud, skreiv eg elleve!? Oi, no skjelv eg, dette var eit sjokk, seier ho då Bjarte Bakken les opp namnet hennar og gjev ho diplomet.

Bokmeldingane, som kjem frå elevar i heile landet, skal brukast til å kåre årets beste ungdomsbok. Både Silje og norsklæraren hennar Anne Siqveland synest det er bra at ungdomar sjølv får velje ut kva bøker som passar best ungdom.

– Me hadde jo ei bok, Elven, som vann Brage-prisen, som fleire vaksne hadde blitt einige om at var ei kjempebra bok. Men dei fleste elevane her har slakta den, seier Siqveland.

Les også: Maria Parr og foreningen !Les nominert til verdas største barne- og litteraturpris

Klarar kunsten å vere kritisk

– Ho har skrive veldig mange og gode meldingar. I tillegg har dei vore ganske lange. I mange tilfeller er det dårleg, fordi ein brukar mykje plass på handlingsreferat, men Silje har klart å bruke plassen på å meine noko og på å vere kritisk, det er imponerande, seier Bakken som har sete i juryen.

Silje hadde ikkje forventa å få prisen, og vart mildt sagt overraska når namnet hennar vart lese opp. Foto: Ida Johanne Aadland

– Og på eit så høgt nivå ser ein óg på språket, noko ho også meistrar, legg han til.

Vanlegvis skriv Silje bokmål, men meldinga av boka Den andre søstera av Laura Djupvik har ho skrive på nynorsk.

– Læraren vår Anne skriv jo eigentleg nynorsk, og sa me burde prøve oss på det, så når eg hadde lese ei nynorskbok tenkte eg at eg like gjerne kunne skrive på nynorsk også, seier Silje.

Bokmeldinga kan du lese her: «Den andre søstera»

LES OGSÅ: Slik skriv du bokmeldingar!

Kva brukte du haustferien på? Tre-fire bøker sjølvsagt!

Silje les når ho kan. Bussturen til skulen, som tek om lag ein halvtime, brukar ho ofte på å lese. Også ferien går med til bøker.

– I haustferien var eg i Spania, og eg trur eg rakk å lese tre-fire bøker. Med ein gong eg er ferdig å lese, set eg meg ned og prøver å tenkje kva eg meiner om boka, og då blir det fort sju-åttehundre ord.

Medelevane Lea Boye Lie, Hannah Martine Borge og Jonathan Berntsen er litt misunnelege på iPaden, men aller mest imponert av klassevennina.

– Eg trur ikkje det var iPaden som gjorde ho mest glad akkurat. Ho var veldig engasjert i det her, så det må vere stas å vinne, seier dei medan dei et sigersbollar.

– Ho er veldig flink!, seier medelevane til Silje Duus. Sjølv har dei også skrive ein del bokmeldingar, men ikkje like mange som Silje. F.v. Lea Boye-Lie, Hannah Martine Borge og Jonathan Berntsen. Foto: Ida Johanne Aadland