Lite nytt i klimapolitikken – kan regjeringa likevel overraske?

Lars Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk klimastiftelse og redaksjonsmedlem i Energi og Klima
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksten er henta frå Energi og Klima

Vedtaket om å kutte minst 45 prosent av utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor innan 2030 er det viktigaste klimagjennomslaget i regjeringsforhandlingane. Det er ikkje det nye måltalet som er det viktigaste, men formuleringa om at regjeringa skal planlegge for at utsleppsreduksjonane skal skje gjennom innanlandske tiltak – med mindre bruk av fleksibiliteten i EUs rammeverk blir «strengt nødvendig».

Ein første test på regjeringa si vilje til å avstå frå bruk av fleksible mekanismar får vi alt i 2019. Ein del av fleksibiliteten i klimaavtalen med EU er ein ny mekanisme som gjer det mogleg å oppfylle utsleppsmål i ikkje-kvotepliktig sektor ved kjøp og kansellering av kvoter i EUs kvotesystem.

I realiteten betyr det å flytte kutt frå ikkje-kvotepliktig sektor til kvotepliktig sektor. Denne moglegheita kan berre nyttast ein gong og må varslast inn til EU før 2020. Kjøp av utsleppsløyve frå andre land, som er ein annan fleksibilitetsmekanisme, kan derimot skje i heile avtaleperioden. Men neppe aktuelt før godt ut på 2020-talet om «strengt nødvendig» skal tolkast bokstaveleg.

Les også: Klimakalkulator skal gjere bonden klimasmart

Skal setje seg så amisiøse mål som mogleg

Ein del har kritisert regjeringa for å setje 2005 og ikkje 1990 som referanseår for det nye 2030-målet. Denne kritikken er grunnlaus. I ikkje-kvotepliktig sektor var utsleppsnivået noko lågare i 2005 samanlikna med 1990. Det er difor bra å bruke 2005 som referanseår. (2005 er dessutan referanseår for EUs regelverk både for kvotemarknad og Effort Sharing – så årstalet er eigentleg gitt når vi først vel å smarbeide med EU på desse områda).

Regjeringa går inn for å heva ambisjonane for utsleppsutviklinga i ikkje-kvotepliktig sektor fram mot 2030, og i tillegg arbeide for at EUs samla ambisjonsnivået vert auka til 55 prosent i same periode.

Dette er positivt, men det er heller ikkje meir enn vi bør kunne forvente. Det er nettopp dette vi har forplikta oss til gjennom Paris-avtalen. Her står det at klimamålet til kvart einskild land skal reflektere landets «highest possible ambition» og at målet skal oppdaterast kvart femte år.

Alle som følgjer den europeiske klimadebatten veit dessutan at EU også diskuterer klimamål. Hadde ikkje regjeringa justert klimamåla no, er det ikkje usannsynleg at vi hadde blitt pressa til å gjere det om kort tid uansett.

Les meir om Paris-avtalen: Verda kan bli meir enn tre grader varmare med klimaavtalen

To steg fram, to tilbake

Det er vanskeleg å spore nye, kraftfulle tiltak som oppfølging av det oppjusterte klimamålet. Mange av formuleringane i plattforma er av typen «følge opp», «videreutvikle» og «utarbeide en plan for…». Dei gongane ein forsøker seg på noko konkret, følgjer det nesten utan unnatak med ein reservasjon. Som her om offentleg anbod i maritim sektor: «Regjeringen vil stille krav om utslippsfrie eller fornybare løsninger i offentlige ferge- og hurtigbåtanbud der det ligger til rette for det.» Kva betyr eigentleg det?

Men det er avgiftspolitikken som er mest absurd. På skrytelista finn ein punktet om at regjeringa no talfestar opptrappinga av CO2-avgifa til 5 prosent årleg frå 2020 og fram til 2025. Det kan høyrast ambisiøst ut. I dag er den flate CO2-avgifta på 508 kroner. Med regjeringas opptrappingsplan vil han ligge på i underkant av 700 kroner per tonn i 2025 (i 2019-kroner). Neppe nok til å få fart på omstillinga, og langt frå dei 1 000 kronene som Venstre tidlegare har foreslått.

CO2-avgifta vert omtalt som eit av hovudgrepa i regjeringas klimapolitikk. Men i transportsektoren – den størte utsleppskjelda i ikkje-kvotepliktig sektor – har FrP fått gjennomslag for at CO2-avgifta ikkje skal gjere fossilt drivstoff dyrare.  I plattforma står det:

«Økte pumpepriser som følge av økte krav til omsetningspåbud for biodrivstoff og økt CO2-avgift på drivstoff ilagt veibruksavgift skal i sin helhet motsvares med reduserte avgiftssatser på drivstoff.»

I tillegg lovar regjeringa ikkje å auke vegbruksavgifta på bensin og diesel, og sørge for at innføringa i 2020 av EUs nye køyresyklus (WLTP) – som vil gi fossilbilar høgare og meir realistiske utsleppsverdiar samanlikna med den gamle køyresyklusen (NEDC) – skjer provenynøytralt.

I sum betyr dette at regjeringa set eit avgiftstak på 700 kroner per tonn CO2, og samstundes etablerer ei forsikring for bilistar mot høgare drivstoffprisar. Uproblematisk i dag, men sei at regjeringa i 2022 oppdagar at ein ikkje er i rute til å nå målet om eit 100 prosent utsleppsfritt nybilsal i 2025: korleis skal ein då gå fram om ein ikkje kan bruke avgiftene? Auke elbilsubsidiane?

Ei viktig avklaring i plattforma er at Nysnø, dette nye statlege investeringsfondet i Stavanger og som Siri Kalvig leiar, skal oppkapitaliserast etter same modell som Argentum og Investinor. Det vil seie med pengar «under streken».

Til no har kapitalen som er tilført Nysnø kome via statsbudsjettet, men heretter skal tildelingane haldast utanom statens ordinære utgifter og inntekter. Det er lite sannsynleg at ein ville nådd målet om 20 milliardar i investeringskapital om Nysnø også i fortsetjinga måtte konkurrert med skule og helse om midlar.

Meir om regjeringsplattforma finn du her: Dette har H, Frp, V og KrF vorte einige om

Uendra petroleumspolitikk

Når det kjem til petroleumspolitikken er det «forutsigbare rammevilkår» som gjeld. Det betyr tilgang til nye leiteareal gjennom fleire konsesjonsrundar og årlege TFO-tildelingar. Det står ingenting om justeringar av petroleumsskatteregimet, slik KrF varsla før forhandlingane starta. (Det siste ville nok uansett ikkje stått i regjeringserklæringa om partia hadde blitt einige om dette. Skal ein redusere friinntekta, eller fjerne leiterefusjonsordninga, er det ein dårleg ide å annonsere dette lenge før endringane trer i kraft).

Dette må bety at Erna Solberg og Siv Jensen har gitt klar beskjed til Venstre og KrF om at petroleumspolitikken står bom fast, eller at Grande og Ropstad eigentleg ikkje har prioritert endring av oljepolitikken i forhandlingane.

Uansett forklaring blir resultatet at norsk oljepolitikk også framover vil bli styrt av FrP, og at ein ikkje får minska gapet mellom det Noreg gjer i klimapolitikken og det ein gjer i energipolitikken. Mens Ola Elvestuen vil snakke opp EUs klimaambisjonar, vil Kjell-Børge Freiberg vere oppteken av at klimaambisjonane ikkje blir så ambisiøse at dei går utover forbruket av norsk gass. Slik denne OED-sponsa gasskonferansen i Brussel 5. februar er eit utslag av.

Før eller seinare må også norsk petroleumspolitikk endrast i lys av klimaendringane og energiomstillinga, men det skjer altså ikkje under denne regjeringa heller. Med mindre det blir ein del av regjeringas arbeid med klimarisiko. Då Ola Elvestuen blei utfordra på Politisk kvarter (frå 10:48) på tidlegare standpunkt om å la olje ligge og redusere statens risiko ved nyinvesteringar på sokkelen, viste han til oppfølginga av Klimarisikoutvalets utgreiing.

Men det står ingenting konkret i Granavolden-erklæringa om kva regjeringa tenker om klimarisiko, berre at dei vil «vurdere og følge opp anbefalingene og vurderingene fra klimarisikoutvalget». Om det har noko å seie er uvisst, men ordlyden var faktisk noko klarare i Jeløya-plattforma. Der stod det at regjeringa «vil følge opp anbefalingane og vurderingene til Klimarisikoutvalget».

Lurar du på kva klimarisiko er? Les: Klimarisiko: – Det finst nesten berre éin måte det kan gå bra på

Regjeringsplattforma – tak eller golv?

Det er for tidleg å avseie ein klimadom over Erna Solbergs fleirtalsregjering, sjølv om det er vanskeleg å vere optimist når ein vurderer plattforma og fordeling av departement opp mot det klimaalvoret som blei formidla av FNs klimapanel i fjor haust. Men la oss håpe eg tek feil, og at regjeringa viser at det som blei forhandla fram på Granavolden er eit golv for det vidare klimaarbeidet og ikkje eit tak.

Regjeringas pågåande arbeid med sektorvise handlingsplanar blir i så måte viktig. Først ut er handlingsplanen for grøn skipsfart som er sagt å kome «i løpet av vinteren». Får vi der svar på praktiske utfordringar, som korleis staten skal bidra til utrulling av nullutsleppsfartøy i komande snøggbåtanbod langs kysten?

Kanskje kan det nye mannskapet i regjeringa også bringe positive endringar med seg.

  • Det har vore snakka lenge og mykje om meir innsats for fornybar energi i utviklingsland. Kan Dag Inge Ulstein få til noko her som tidlegare utviklingsministrar ikkje klarte?
  • Olaug Bollestad er ganske sikkert meir oppteken av både helse og klima enn sin forgjengar. Kjem det til å bety noko for landbruks- og matpolitikken?
  • Det er også interessant at Oluf Ulseth er utnemnd til statssekretær hos Erna Solberg, kort tid etter at han gjekk av som administrerande direktør i Energi Norge. Han er stor kompetanse på klimafeltet; kan dette vere eit signal om at statsministerens kontor vil vere ein sterkare koordinerande kraft i klimapolitikken?

Dei borgarlege partia kritiserte i si tid Jens Stoltenberg for fleirtalsarroganse då han styrte frå 2005 til 2013 saman med SV og Senterpartiet. Dei hadde langt på veg rett. Dei raudgrøne partia verka så ferdig pruta då dei kom til Stortinget at dei ikkje hadde ein tomme å gå på. Om Solberg fell i same spor, eller om ho klarar å opptre meir lydhøyr overfor Stortingets mindretal, blir viktig for utviklinga av klimapolitikken framover.

Regjeringa bør ønske alle gode idear og forslag velkomne, også om dei kjem frå opposisjonen. Ein test på dette får vi når Stortinget om kort tid skal røyste over 37 nye tiltak og verkemiddel som forslagsstillarane frå AP og SV meiner vil redusere norske klimagassutslepp.

Les også om prosjektet New Water Ways som vil lage leikeplassar som samlar vatn: Nye løysingar for overvatn