«Regjeringa styrer russefeiringa – og gløymer skuleåret»
Å flytte eksamen før feiringa tek bort mykje av den drivkrafta som får elevar til å stå på mot slutten av året, skriv nestleiar i Vestland Unge Høgre.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Regjeringa sitt grep om å flytte eksamen før russetida rammar både læring og fridom. I staden for å prioritere elevane si utdanning, prioriterer dei kontroll og ideologi – på kostnad av ungdomens siste veker på vidaregåande.
Detaljstyring
Etter 13 år i skulen fortener unge å feire overgangen til vaksenlivet. Difor er det djupt problematisk at regjeringa sitt grep om å flytte eksamensavviklinga til før russetida, slik at russefeiringa startar først etter 17. mai, rammar både læring og fridom.
Ifølgje ei sak frå Utdanningsdirektoratet omtalt i Framtida, skal både skriftleg og munnleg eksamen for elevar på vidaregåande leggjast til før 17. mai.
Her viser regjeringa igjen trongen til å detaljstyre — eit forsøk på å kontrollere russetida i staden for å styrkje elevane si læring og fridom. Det finst grenser for politikk, og når staten byrjar å detaljstyre korleis ungdom skal feire slutten på tretten års skulegang, har ein kryssa ei av dei.
Når regjeringa flyttar eksamen tidlegare på våren, betyr det at elevar mistar verdifulle veker med undervising, oppfølging og førebuing.
Den siste delen av skuleåret blir brukt til å sikre at kunnskapen sit, og til å hjelpe dei som treng litt ekstra støtte. Å kutte i denne perioden svekkjer læringa – alt for å få russetida «på rett plass» i kalenderen. Det er meir eit byråkratisk grep enn eit pedagogisk løft.
Meir fridom
Vestland Unge Høgre meiner at elevane skal ha meir fridom og ansvar i skulen, ikkje mindre.
Når regjeringa flyttar eksamen for å styre når ungdom skal feire, viser det eit grunnleggande problem: mangel på tillit til unge menneske.
Skulen skal førebu elevane på livet som kjem – lære dei å ta ansvar, planleggje og balansere fleire ting på ein gong. Då brukar regjeringa feil verkemiddel når dei fokuserer på alt dei ikkje likar, i staden for å prioritere elevane si utdanning og læring.
I staden for å mistenkjeleggjere ungdom, burde regjeringa vise tillit – for det er nettopp gjennom fridom og ansvar at unge menneske veks.
Kutt i undervisningstid
For mange elevar er russetida eit symbol på hardt arbeid og fullført skuleløp. Det er ei viktig milepåle, ikkje berre ein fest.
I staden for å bruke russetida som syndebukk, burde regjeringa fokusere på korleis vi kan gjere skulen meir motiverande. Å flytte eksamen før feiringa tek bort mykje av den drivkrafta som får elevar til å stå på mot slutten av året.
Det er ikkje nødvendigvis feil å ha ein felles eksamensdato – det kan faktisk bidra til meir struktur og føreseielegheit. Problemet er at regjeringa har valt å gje elevane uforholdsmessig lang tid til munnleg eksamen, utan å leggje til rette for ei effektiv gjennomføring, til dømes ved bruk av digitale løysingar som filming. Resultatet er at undervisingstida blir kutta ned, utan at læringa blir styrkt. Det er eit skulepolitisk paradoks: i staden for å bruke teknologien til å frigjere tid til undervising, bruker regjeringa ho til å redusere ho.
Belønning
Vestland Unge Høgre meiner at elevar og skular sjølve bør få større handlingsrom til å bestemme eksamensplan og tidspunkt for russetida, slik at lokale behov og realitetar kan takast vare på.
Heile læringsperioden må haldast ved lag, og munnleg eksamen bør leggjast til rette på ein effektiv måte, slik at verdifull undervisingstid ikkje går tapt.
Russetida bør ikkje sjåast på som eit problem, men som eit motiverande etterspel som belønner elevane sin innsats gjennom tretten års skulegang. Samstundes må ungdom få tillit til å ta ansvar for eiga feiring, samstundes som dei fullfører skuleåret med fokus på læring og refleksjon. Skulepolitiske endringar skal alltid styrkje læring og motivasjon, ikkje fungere som byråkratiske grep som går på kostnad av elevane si fridom og engasjement.
Ideologiske skylappar
Som nestleiar i Vestland Unge Høgre kan eg ikkje stå som tilskodar når regjeringa let sine ideologiske skylappar gå føre reelle løysingar i skulen. I staden for å prioritere læring, tilrettelegging og elevane sitt utdanningsløp, brukar dei energi på å kontrollere når og korleis ungdom skal feire.
Vi treng ein skule og ei feiring som gjev rom for begge delar: tid til læring, tid til refleksjon og tid til å markere overgangen til vaksenlivet på ein måte som faktisk gagnar elevane.
La oss ikkje gjere russetida til ei byråkratisk sak som går på kostnad av elevane sine siste veker med undervising. La oss heller sørgje for at elevane får verdas beste skule – og ei russetid dei faktisk har fortent.






