Aldri før har folkehøgskulane opplevd så mange søknader så tidleg på året.
mm

Folkehøgskulane melder om rekordpågang i talet på søknader allereie no. Allereie er det kome inn over 5500 søknader – det er meir enn 800 fleire enn på same tid i rekordåret 2018.

Marit Haldar, professor i sosiologi ved OsloMet, meiner folkehøgskulane står att som einaste motvekta til eksamens- og prestasjonspress i skulane.

I dag er det mogleg å velja mellom 82 folkehøgskular over heile landet. Til hausten opnar verdas nordlegaste folkehøgskule på Svalbard. Her er det mogleg å velja mellom friluftslinje, musikk, foto og eiga linje for forskarspirer.

LES OGSÅ: 10 råd for livet på folkehøgskule

Folkehøgskulane har over 700 linjer. Mellom anna er det mogleg å gå på cosplay-linje, dataspel og e-sport eller friluftsliv ved fleire skular, vikinglinje i Seljord eller ved Fjordane Folkehøgskule, folkemusikk, musikal eller folkehøgskule for elevar med spesielle behov.

LES KOMMENTAREN: Summen av alt

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE