Ny rekord for folkehøgskulane

Isak Slettebø
Publisert
Oppdatert 22.07.2018 16:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folkehøgskulerekord – takka vera PISA?

7700 elever fullførte eit år på folkehøgskule i vår. Det tilsvarer 11 prosent av årskullet, noko som er ny rekord. Marit Asheim frå Folkehøgskolene fortel at rekrutteringa har skote fart med sosiale medier.

Marit Asheim meiner folkehøgskulane greier å gi elevane lærelyst og motivasjon. Foto: Folkehøgskolene

– Spesielt tydeleg er det på Instagram. Under emneknaggen #fhsliv har folkehøgskuleelevar delt over 164 000 bilete frå skulekvardagen sin. Dette er ærlege og visuelle glimt som freistar, skriv Asheim i ei pressemelding.

Les også: Opnar for folkehøgskule på Svalbard

Kan hengja saman med PISA

– PISA har stressa skulenoreg, og studentane har eksamensfokus frå dag éin, seier Marit Haldar, professor i sosiologi ved OsloMet.

PISA er ei internasjonal skuleprøve der ein måler kor godt 15-åringar kan lesa og rekna. Det er mykje debatt om kor mykje PISA-resultata skal ha å seia for utdanningspolitikken.

Marit Haldar frå OsloMet meiner ungdomar har godt av eit pusteår etter vidaregåande. Foto: OsloMet

– Folkehøgskulane står att som einaste motvekt, legg ho til.

Haldar peikar på at måleregimet har krope lenger og lenger nedover i skulesystemet. Ho meiner studentane no er forma av ein annan skule enn før, og fortel om fleire som spør henne tidleg i semesteret: «Er dette relevant for eksamen?».

– Det er som om dei er meir opptekne av eksamen enn av faget, seier Haldar.

Les også: Rekordmange vel folkehøgskule

Berre eit friår?

Formann i FpU, Bjørn-Kristian Svendsrud, er skeptisk til utviklinga.

– Folkehøgskulane har fått tildelt tilskot heilt ukritisk, og me må ikkje gløyma at dette er pengane til skattebetalarane, seier han.

Han minnar om at ingen arbeidsgjevarar krev folkehøgskulebakgrunn hjå sine tilsette.

– Difor er dette framleis kva det alltid har vore: eit friår frå utdanning, held han fram.

Haldar frå OsloMet er ueinig.

– Det handlar ikkje om å slappa av eit år. Eg trur snarare at folkehøgskulane har teke over noko av den danningsfunksjonen som universiteta hadde tidlegare, forklarer ho.

Les også: Ti råd for livet på folkehøgskule

Formann i FpU Bjørn-Kristian Svendsrud seier det er openbert at me må kutta i tilskota til folkehøgskulane. Foto: FpU

PISA ikkje negativt

– Trur du PISA-veldet kan verka negativt på lærelysta til elevar, Svendsrud?

– Nei. Eg er ueinig i at det er eit “PISA-velde”, svarer Fpu-aren.

Svendsrud dreg fram at det er rekordmange som tek høgare utdanning, mens færre går rett i jobb etter vidaregåande.

– Eg trur òg ungdom er meir eventyrlystne enn tidlegare. Dei ser på utdanningstilbod som finst på Bali, i USA og på Voss, legg han til.

Samstundes vedgår han at ungdomar i dag lever i ei tid med mykje press.

Les også: Difor er det ikkje krise å velje feil