Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vilde Lindhjem (21) og Marikken Sundnes (19) går på Cosplay-linja på Hardanger folkehøgskule på Lofthus. I dag er dei utkledd, som Ai Enma og Wonder woman.

– Eg trur eg var rundt 15 år når eg såg serien med Ai Enma. Serien vert kalla Jigoku Shoujo i Japan. Det japanske namnet, betyr Hell girl på engelsk, fortel Vilde Lindhjem. Vilde forelska seg i denne mystiske karakteren.

– Eg hadde lyst å spela ut karakteren, fortel ho vidare. Me møter henne i ein fargerik kimonokjole.

– Eg har malt på alle blomane sjølv, det tok sin tid, smiler ho.

Alle som går på linja lagar kostyma sine sjølv.

Tar av og til på meg cosplay

Til vanleg pleier ikkje Vilde cosplaye.

Det er mest på fotoshoot eller på conventions. Av og til kan eg få lyst å ta på meg cosplayet, men det er ikkje noko eg gjere offentleg, humrar ho. Eg likar å bruka det eg har laga, eg har brukt så mykje tid og pengar på denne kimonoen. Eg er så glad i den. Men kimonoen har så mange lag og tar lang tid å ta på seg. Så den tar eg berre på meg ved særskilte høve, seier Lindhjem.

Vilde har mange ulike cosplay, som ho kan ta på seg. – Eg har til dømes frå Harry Potter og fire frå My little ponny.

LES OGSÅ: Rekordmange vil gå på folkehøgskule

Hobby som er tidkrevjande

Ho innrømmer at det er ein hobby som tek mykje plass i livet hennar.

– Eg håper eg kan ta dette med meg inn i det eg ynskjer å gjera seinare. Eg vil gjerne lage sko eller sy kler når eg vert eldre, då kan eg ta med cosplay inn i design av kler, fortel ho engasjert.

LES OGSÅ: Ho er Nordens beste i cosplay

Conventions

Marikken Sundnes som er utkledd som Wonder Woman fortel litt om kva ein convention er for noko. Det er ei slags messe der ein kan møta andre cosplayarar. Marikken fortel at desse messene har ulike tema. Til dømes Japan eller ulike teikneseriar.

– Når skulen er ferdig er det fleire i klassen som planleggjer å reise på den største conventionen i Oslo, Desucon.

– Eg skal, og eg gler meg, fortel ho.

Det var mange i klassa som skulle cosplaye frå DC, som er det selskapet som Wonder Woman er i frå. Wonder Woman var den karakteren frå DC eg likte best. Ho er så kul, og klarar veldig mykje, fortel Marikken.

INTERESSERT I Å GÅ PÅ FOLKEHØGSKULE? LES FLEIRE ARTIKLAR OM FOLKEHØGSKULE HER!