10 råd for livet på folkehøgskule

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er nokre av råda frå erfarne folkehøgskuleelevar, som har vore meir enn eit år på folkehøgskule.

– Vi er veldig glade for å få vera her eit år til. Men sjølv om skulen er den same, så vert det eit heilt annleis år, seier Simon Kjelsvik, Marie Vallestad og Fride Hovde Hoff

Bisse
Dei har titelen Bisse, og er 2. årselevar på Sund Folkehøgskole. Tittelen kjem frå tannebisse og kom frå ein tidligare rektor. Bissene står mellom elevar og lærarar, dei er nattevakter, driv valfag, har eigne prosjekt og passar på at elevane har det koseleg.

Som erfarne folkehøgskuleelevar har Fride, Marie og Simon mange råd for korleis ein skal få eit bra år på folkehøgskule.

Råda frå bissene
1. Start på folkehøgskule, du kjem ikkje til å angre.
2. Når du byrjar på folkehøgskule åleine, utan å kjenne nokon, er det viktig å hugse at alle andre er like nervøse som deg. Er du ikkje utadvent, er eit godt triks å late som du er det.
3. Har du brettspel, gitar eller andre spesielle ting – ta dei med, då vert du kjempepopulær.
4. Hugs å slappe av. Det er det lett å gløyme, sidan eit folkehøgskuleår er veldig intenst og det er mykje som skjer heile tida.
5. Aleinetid er fint. Og ein treng ikkje finne seg ein bestevenn den fyrste veka, eller verte kjent med heile skulen på ein månad.
6. Ikkje forvent å finne deg ein kjærast. Det er ei myte at alle får seg kjærast på folkehøgskule. Og hugs at ting kan verte kleint.
7. Blås i vekta, ingen bryr seg likevel.
8. Ikkje ha for mange konkrete forventningar. Du kan verte skuffa, om du forventar folk som er akkurat som deg, eller sjelevener.
9. Dra det langt. På folkehøgskule er det heilt greitt å dra mange sider ved seg sjølv veldig langt.
10. Hugs ullgenser. Har du ein kul ullgenser kjem komplimentane til å strøyme på.

 

Førebuingar: Fride Hovde Hoff skal til Egypt, og bruker mykje tid på førebuingane. FOTO: Marit Lajord