Desse folkehøgskuleelevane lovar dyrisk moro i musikalen «Madagaskar»

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inviterer til dyrisk moro med musikalen «Madagaskar»

Saka er henta med velvilje frå Vikebladet Vestposten.

Neste veke ber elevane frå Sunnmøre Folkehøgskule igjen inn til musikal.

Sunnmøre Folkehøgskule har lang tradisjon for å setje opp ein musikal på nyåret, der alle som vil kan kome å sjå. Dette er så store og flotte oppsettingar, at heile skulen er med, uansett kva linje dei går på.

Elevane ved folkehøgskulen er i full gang med øving. Replikkar terpast, dansesteg skal øvast inn og kostyme skal tilpassast.

– Morosamt

Torbjørn Skjelseth Brusletten, Åsa Håheim og Karine Bakke Lekve er tre av elevane som er med på framsyninga. Torbjørn går eigenleg på idrettslinja for ballspel på skulen, dei to jentene på global safari.

– Kva synest det om at de no må spele teater?

– Dei har jo ikkje noko reinspikka teaterlinje her, så alle må trø til, svarer Torbjørn.

– Det dukkar opp mange skjulte talent som me ikkje visste om, røper Åse.

Ungdomane fortel at ein god del av folkehøgskuleelevane har erfaring frå dei har vore med i teateroppsetjingar medan dei gjekk på ungdomsskulen eller vidaregåande skule.

– Det er utadvente folk som tar det lett til seg, seier Torbjørn.

Dei tre gler seg til framsyningane. Dei har alle fått roller med fleire replikkar og dei ser fram til å vise seg fram.

Utstyrt med knebeskyttar

Torbjørn har fått rolla som apekatten Maurice, Åsa er ei gamal dame som stadig får raseriutbrot og Karine speler vesle, søte Mort.

Elevane fekk kome med ønske om kven dei helst ville spele, så var det auditions til rollene. Ein del elevar fekk også rollene sine for at læraren meinte at dei var den som passa best til rolla.

– Maurice er ein ganske keisam fyr, eg treng ikkje å spele så mykje. Men han er ein litt sånn tøff leiartype, så eg prøver å hardne til litt, seier Torbjørn.

Åse fortel at ho legg om stemma til litt gamal damestemme, og at ho brukar dialekta si.

Karine må sitje på kne for å verke lita, så ho har fått seg knebeskyttarar.

– Ungar kjem til å synest musikalen er morosam, men også ein del gamle vil nok humre om dei kjem, lokkar ungdomane.

Les meir på vikebladet.no