Faktaboks

Folkehøgskuleveksten fordelt på landsdelar:

• Sør-Vestlandet og Sørlandet (Rogaland, Aust-Agder og Vest-Agder): Fram 6,0%

• Trøndelag: Fram 5,1 %

• Vestlandet (Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland): Fram 4,7%

• Austlandet: Fram 3,4 %

• Nord-Noreg (Finnmark, Troms og Nordland): Fram 0,4 % samanlikna med 1.april 2013

Kjelde: Informasjonskontor for kristen folkehøgskule

LES FAKTALUKK FAKTA

– Ventelistene er så lange som eit vondt år, fortel Grete Strømsøyen, rektor ved Buskerud folkehøgskule, om dei nye spelelinjene deira.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

Firedobla søkjartal
Buskerud er ein av to folkehøgskular som er først ute i Noreg med å starta e-sportlinjer. Søkjartala til første kull, som startar til hausten, tyder på at tilbodet er etterlengta.

Buskerd folkehøgskule hadde heile 422 søkjarar per 1. april i år, mot 102 søkjarar 1. april i fjor, og har difor ikkje problem med å fylle opp dei 90 skuleplassane.

Dei nye dataspellinjene får mykje av æra for dette.

I tillegg til E-sport, har skulen starta ei linje kalla Creative gaming. Med femten elevar i kvar klasse og lange ventelister er det mange som ikkje får plass.

LES OGSÅ: Rekord for folkehøgskulane

Opp i sør
Etter at det løpande inntaket for neste skuleår starta 1. februar og fram til 1. april har 5028 elevar takka ja til plassen for skuleåret 2014/2015, syner ferske tal frå Informasjonskontor for kristen folkehøgskule.

Det betyr at inntaket til norske folkehøgskular er 4,1 prosent betre enn på same tid i fjor. Søkjartalet har auka jamnt dei siste ti åra, før det nådde ein topp i 2011. Etter ein liten dal, er søkjartala igjen aukande.

I år er søkjarauken størst til skulane i området Rogaland, Aust- og Vest-Agder, som 1. april har seks prosent fleire elevar enn på same tid i fjor.

I alt har folkehøgskulane 7000 elevplassar og opptaket fortset til skuleåret startar i august eller til skulane er fulle.

LES OGSÅ: Søkjarrekord for folkehøgskulane

Gla’data
Den andre skulen som satsar på dataspeling, har òg hatt auke.

– Skulen var i praksis full 1. april, og det har me aldri opplevd før, fortel Ole Petter Hansson, rektor på Lundheim folkehøgskule.

Lundheim folkehøgskule har no bekrefta 72 av maksimalt 80 elevplassar, mot 33 på same tid i fjor.

Søkjartalet per 1. april har auka frå 160 i fjor til 246 i år. Dataspellinja og Gla’mat er dei som utmerkar seg med best søkjartal.

Kristian Digre, lærar på den ferske e-sportlinja på Lundheim folkehøgskule, kan fortelje at linja hans har vore full ei god stund.

20 elevar har fått plass i det første kullet på E-sport og fleire er på venteliste.

– Eg trur me har treft ei nerve og teke eit teikn i tida, seier Digre, som er nøgd med å ha vore tidleg ute og fanga opp denne trenda.

Folkehøgskulane i Noreg kåra nyleg vinnaren av konkurransen Min drømmelinje. Vinnarforslaget var ei linje for spelprogrammering, men òg resten av dei innsendte forslaga vitna om ein stor etterspurnad etter linjer knytt til dataspel og laiv.

E-sportlærar Digre spår at fleire folkehøgskular kjem til å kome med liknande linjer framover.

Opp igjen
Sjølv om folkehøgskulane har hatt litt nedgang dei to siste åra – ei trend som er i ferd med å snu – meiner rektor på Lundheim at folkehøgskulane er inne i ein svært god periode. Han er heller ikkje betydeleg uroa etter Unge Høgre sitt folkehøgskuleutspel førre helg.

– Det er ikkje eit friår, men eit år der ein jobbar litt på sida av sporet. Mange ungdommar har behov for å stoppe opp litt og finne ut litt om seg sjølv og andre, før dei tek viktige val for livet, seier Hansson.

LES OGSÅ: – Ungdomsparti som treng merksemd

Treigare for nokre
Men ikkje alle skulane får vere med på den gode bølgja. Rogalandsfolkehøgskulen Lundheim har funne ei suksessoppskrift, rett i nærleiken slit Jæren folkehøgskule.

– Folkehøgskulen generelt har auke, og det er me svært glade for. Det er likevel skilnad mellom skulane, og nokre av oss heng litt igjen. Me arbeidet for tida på høg-gir for å koma opp på eit elevtal me er komfortable med, skriv rektor Dag Folkvord i ein e-post til Framtida.no.

Jæren folkehøgskule har ein total kapasitet på 95 elevar og har per i dag teke opp 48 elevar til neste skuleår.

– Me skulle ønske det var høgare tal, men har tida fram til skulestart til å fylla opp, peikar rektor på.

Oppdatert: måndag 23. oktober 2017 15.01

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE