Tretten norske folkehøgskular har linjer tilrettelagt for elevar med spesielle behov. Etterspurnaden er større enn tilbodet.

mm
Faktaboks

Desse folkehøgskulane har linjer for elevar med spesielle behov:

• Risøy fhs
• Lundheim fhs
• Peder Morset fhs
• Valdres fhs
• Grenland fhs
• Sunnmøre fhs
• Jæren fhs
• Fjordane fhs
• Nordfjord fhs
• Viken fhs
• Manger fhs
• Soltun fhs
• Borgund fhs

Kjelde: Informasjonskontor for kristen folkehøgskule

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg grudde meg mykje, fordi eg har vore veldig avhengig av mor mi, forklarar Silje Merete Brovold frå Oslo.

Å flytte heimefrå for fyrste gong er spanande på dei fleste ungdommar.

22-åringen er ein av fem jenter i klassen Bu og fritid på Jæren folkehøgskule. Fokuset her er både på butrening og at elevane skal få eit folkehøgskuleår dei seint vil gløyme.

LES OGSÅ: Elevar med ekstra behov fell utanfor

Pizza og klesvask
Denne helga har det storma rundt folkehøgskulane etter det vart kjent at fire fylkesleiarar i Unge Høgre går inn for å kutte statsstøtta til norske folkehøgskular.

På Jæren er det stille før stormen.

Heile skulen har vore på morgonsamling. Der fekk alle sjå bileta som fotoklassen hadde teke av store kattar i Afrika.

No sit dei fem jentene i klasserommet med dei to linjelærarane Silje Frafjord og Marianne Nordås. I dag skal dei ut på tur.

Tre dagar i veka har dei linjefag der dei mellom anna har lært om personleg hygiene, lært å vaske klede og å lage pizza. Ein gong i veka vaskar dei romma sine.

I tillegg snakkar dei om sosiale problemstillingar som kjem opp undervegs, som kva det vil seie å vere ein god ven. Dei finn òg på kjekke aktivitetar, som tur og bowling. Tema og aktivitetar vert bestemt ut ifrå gruppa.

Saka fortset under biletet.


Silje Merethe Brovold har lært mykje av å flytte heimefrå for fyrste gong, men gler seg til å kome attende til jobben sin på gamleheim.

LES OGSÅ: 10 råd for livet på folkehøgskule

Kleskoden
Dei tek runden: Kven har teke på seg stilongs? Kor mykje klede bør dei ha på seg i dag?

Nokon er budde, men dei fleste må ein tur innom rommet før dei er klare til å møte den nydelege vårdagen på Jæren i Rogaland.

Læraren for surfelinja stikk hovudet inn og spør om jentene vil vere med dei å grille på stranda. Det forslaget fell i god jord. Dei er somme tider med dei andre linjene, og har valfag på tvers av klassar.

Nyleg var heile skulen på tur til Sør-Afrika.

Tea Bogeljic, som kjem frå Bosnia og Lyngdal, tykte at det å sjå pingvinane var ei stor oppleving. Ho har celebral parese, men let ikkje det stoppe ho frå å velje valfag som aerobic.

Tea søkte fleire tilrettelagte skular og det var lenge spanande om ho skulle få støtte frå NAV til eit folkehøgskuleår, noko som er vanleg at elevane på dei tilrettelagte linjene får.

Ein ting ho har lært det siste året er at ho må vaske klede, sjølv om ho ikkje tykkjer det er noko kjekt.

– Eg lærte å vaske klede heime, men eg likar det ikkje, slår ho fast.

Det er ei keisam oppgåve, men det er betre enn å ha skitne klede.

LES OGSÅ: Funksjonshemma fell ofte utanfor i gymmen

Saka fortset under biletet.


Lærar Mariane Nordås syt for at alle får pølser. 

Plomma i egget
To av jentene har allereie gått på Risøy folkehøgskule eitt år, og vart saman med foreldra einige om at dei skulle gå eitt år til. Denne gongen er dei litt lenger heimefrå. Caroline Johanssen og Line Aune er begge frå Sørlandet og bur på rom saman.

Kristin Stuland kjem frå Stavanger og er den som har kortast veg heim. Ho trivst som plomma i egget på folkehøgskule. Ho var fast bestemt på å byrja på skulen etter å ha fått det anbefalt av ei venninne.

– Eg trur nesten ikkje du har vore heime utanom feriane, Kristin, seier lærar Marianne Nordås.

– Eg lengtar ikkje heim, bekreftar Kristin, som fortel at ho trur foreldra hennar saknar ho litt. 

Ho har vore heime nokre gongar, men det er berre ved spesielle anledningar.

Nei, Kristin angrar absolutt ikkje på at ho byrja på folkehøgskule.

På stranda er ho ivrig med fotoapparatet. Ho har valfag foto der ho framkallar i mørkerom.

Populært tilbod
Til denne klassen er det allereie venteliste til neste år.

– Bu og Fritidslinja har god søknad, og me kunne ha både dobla og tredobla linja, skriv rektor Dag Folkvord i ein e-post til Framtida, og legg til:

– I omtrent alle dei rundt 30 åra linja har eksistert har dette vore eit populært tilbod, og me har hatt god søknad.

– Det er nok eit felt der det er større etterspurnaden enn tilbodet, bekreftar Marit Asheim, informasjonskonsulent på Informasjonskontor for kristen folkehøgskule.

I dag er det 13 av i alt 76 norske folkehøgskular som tilbyr linjer som på ulike måtar er tilpassa elevar med spesielle behov. Desse har ofte små klassar, for at elevane skal verte godt integrerte på skulen.

– Mange folkehøgskuleelevar opplever at ein slik klasse gjer miljøet rikare og seier at dei lærer mykje av det. Somme tider vert integreringa større på ein folkehøgskule, enn på ein vanleg vidaregåande skule, fordi dei lærer på ein annan måte, fortel Asheim.

Reiseskildring
Silje Merete var litt meir skeptisk frå starten av. Men som alle dei andre som byrjar på linja hadde ho ein grundig prat med ein av dei to linjelærarane på førehand. Då fekk ho meir trua.

– Det går betre og betre, fordi eg vert meir og meir van med det. Eg har blitt meir sjølvstendig, forklarar Silje Merete.

Og lærar Marianne skryt av elevane sine:

– Du er vorte kjempeflink å ordne opp sjølv og reise åleine.

Dei fyrste gongane Silje Merete skulle heim til Oslo var ein assistent frå folkehøgskulen med og hjelpte ho med å sjekke inn. No tek ho flybuss til Sola lufthamn og sjekkar inn heilt åleine.

Det har stort sett gått fint.

– Eg hugsar ein gong eg fekk ein telefon frå deg, minnast linjelæraren.

Silje Merete hugsar det òg. Då hadde flyet skifta gate og ho klarte ikkje å finne den nye gaten.

– Eg vert fort stressa på ukjente plassar, forklarar 22-åringen.

Men det gjekk fint og ho kom med flyet.

Hemmeleg ven
Silje Merete er ein av dei som må innom rommet og kle seg litt betre. Der inne heng bilete av hunden ho har passa gjennom jobben sin på ein gamleheim, ein teikning teikna av klassevenninna Caroline og ein lapp frå hennar hemmelege ven. Eit skikkeleg folkehøgskulerom med både nye og gamle minner. 

Ho har skrive ei liste over kva ein kan nytte fritida si til: Svømme, gå på kino, gå tur, spille spill, leke gymsalen, lakke negler, gjemsel og lage sparegris, er nokre av forslaga.

– Kva bukse trur du er passeleg i dag? Er denne for tjukk?

Ho har to friluftsbukser hengande i skåpet. Trekk ut den eine og kjenner.

Det er ikkje alltid like lett å velje riktig kler til all slags folkehøgskulevêr. Jærstrendene er fine i solskinet, men vinden bles friskt.


F.v Tea Bogeljic, Line Aune, Caroline Johanssen og Silje Merete Brovold er samla rundt bålet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE