Holet i ozonlaget over Antarktis truleg tetta på 2060-talet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarane reknar med at ozonholet over Antarktis forsvinn på 2060-talet, ifølgje ei vitskapeleg vurdering lagt fram i Ecuadors hovudstad Quito måndag.

På slutten av 1970-talet begynte ozonlaget rundt kloden å bli tynnare, grunna bruk av enkelte kjølemiddel og drivgassar i sprayboksar. Forskarane slo alarm, og dei ozonnedbrytande kjemikaliane blei fasa ut. Takka vere forbodet mot kjemikaliar som bryt ned ozonlaget, er skadane på det beskyttande laget i atmosfæren i ferd med å bli reparert.

Er i ferd med å bli tetta

Forskarar fann dei første sikre teikna på at holet i ozonlaget over Antarktis er i ferd med å bli tetta i juli 2016. Den vitskapelege vurderinga som blei lagt fram måndag viser at tiltaka framleis verkar.

– Dette er verkeleg gode nyheiter. Dersom auken i ozonnedbrytande stoff hadde halde fram, ville vi sett ein enorm effekt. Det fekk vi stoppa, seier NASA-forskar Paul Newman, som har leidd arbeidet med den nye rapporten.

Les også: Ein eller annan stad er det noko som øydelegg ozonlaget

Var seks gongar større i 2006

Ozonlaget startar omtrent 10 kilometer over bakken og strekker seg 40 kilometer utover i stratosfæren, eitt av hovudlaga i atmosfæren til jorda. Eit ozonmolekyl består av tre oksygenatom.

Holet i ozonlaget er på sitt største i september og oktober. I år var holet over Antarktis 24,8 millionar kvadratkilometer. Det er om lag 16 prosent mindre enn då det var på sitt aller største i 2006.

Les også: – Svalbard er ein varsellampe for kva som kan kome til å skje