Ole Sivert og Paulina går på skule – og på jobb

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert på Ryfylke.net.

– Eg synest dette er eit godt utdanningstilbod. Nå får eg lagt eit godt grunnlag for seinare ingeniørstudiar. Målet mitt er å bu i Sauda og ha ein god jobb på smelteverket. Akkurat dette er ein gylden mulegheit for å sikra meg ein jobb i Sauda, seier Ole Sivert Birkeland.

Han og sambygdingen Paulina Draugelyte (begge 17 år) er elevar ved den splitter nye YSK-linja til Sauda vidaregåande skule, ein klasse som i dag har fem elevar.

Les også: Fleire yrkesfagelevar får lærlingkontrakt

To dagar på fabrikken

Elevane ved YSK-linja følger ikkje skuleferiane, men vanleg arbeidstid og feriar i arbeidslivet.

Kvar veke vil elevane veksle mellom studiar på skulen og arbeid ute i ei bedrift. Då Ole Sivert og Paulina søkte på skulen i vår, la dei inn ønske om kva fagfelt dei ville ha og kva bedrift dei kunne tenka seg læreplass hos.

Begge to valde prosessfag med Eramet Sauda som lærlingplass. Ønska blei innvilga og nå jobbar dei kvar torsdag og fredag i omshuset og ved driftssentralen til smelteverket.

Les også: Fleire elevar vel yrkesfag

Trivst på jobb

Etter fire veker på skulen med teori, maskin-opplæringar og HMS-førebuingar, kunne dei starta på jobb på smelteverket 20. september. Foreløpig jobbar dei dagtid frå 07.00 til 15.00.

– Me har blitt tatt veldig godt imot, det er eit veldig godt arbeidsmiljø og kjekke arbeidsdagar. Det er gøy å læra noko nytt kvar dag, seier Paulina.

Både Ole Sivert og Paulina trivst godt med å veksla mellom dagar på skulebenken og dagar på jobb på fabrikken.

– Me får eit greitt avbrekk i all teorien, og med dette varierte kvardagar. Det er ei veldig fin ordning, meiner dei.

Les også: Veidekke er bekymra for foreldra sine haldningar til yrkesfag

Fleire realfag

I dag har dei fem elevane på YSK-linja fleire timar ilag med andre klassar på skulen.

På timeplanen står blant anna såkalla T-matte og naturfag. Eit krav for å komma inn på YSK-linja er minst karakteren fire i desse faga. Både Paulina og Ole Sivert hadde 5-arar og 6-arar i matte og naturfag på ungdomsskulen.

– Neste år skal me ha R1-matte. Tredje året skal me ha Fysikk 1 og R2-matte. Siste året kan me velga mellom Fysikk 2 eller Kjemi 1, forklarer dei.

Utdanningsløpet gir dei realfagkompetanse, noko som opnar alle dører og mulegheiter for vidare høgskule- og universitetsstudiar som krev realfag.

Les også: Her konkurrerar elevane om kven som er best i yrkesfag: – Høg puls og full fart

Har ambisjonar

Hausten 2020 vil Ole Sivert og Paulina gå opp til fagbrev som prosessoperatørar.

– Er eg då skikkeleg lei skulearbeid, blir det nok jobbing. Men planen er som sagt ingeniørstudiar, seier Ole Sivert.

Også Paulina har planar om å gå vidare etter fullført fagbrev.

– Først vil eg i militæret, og så satsar eg på studiar etterpå. Mest truleg innan dette fagfeltet me studerer i dag, opplyser ho.

I løpet av dei fire åra ved YSK-linja vil Ole Sivert og Paulina få lærlingløn for arbeidstimane sine på smelteverket, der dei også skal jobba i skuleferiar.

Ungdommane anbefaler gjerne YSK-linja til elevar som kjem etter dei.

– Dette er eit bra tilbod for elevar som er flinke på skulen, som trivst på skulen, men som ikkje veit heilt kva dei vil bli. Her kan ein velga mellom mange fagområde, få løn under utdanninga og få eit fagbrev. Ein får ei utdanning som kan gi fast jobb, men som også kan byggast vidare på, seier dei.