Utdanningsgapet mellom kvinner og menn aukar

Skilnaden mellom utdanningsnivået til menn og kvinner aukar, og i mange kommunar er delen høgt utdanna kvinner meir enn dobbelt så stor som delen menn.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For begge kjønn har det vore ein jamn auke i delen med høgare utdanning dei seinaste åra, viser Statistisk sentralbyrås indikatorar for kjønnslikestilling. Delen menn med høgare utdanning var 29,5 prosent i 2017, mens delen kvinner var 37,2 prosent på landsbasis.

Trass i dette er indikatoren som måler tilhøvet mellom utdanningsnivået til menn og kvinner, den indikatoren som tydelegast har endra seg i negativ retning i perioden 2008 til 2017. Forskjellen mellom menn og kvinner stadig aukar til fordelen til kvinner. I 2017 hadde kvinner høgare utdanningsnivå enn menn i alle kommunane i landet.

Les også: Menn skal kvoterast inn på psykologistudiet

Særleg stor skilnad i nord

Det er særleg i kommunar i dei nordlegaste fylka at skilnaden i utdanningsnivå er stor. Av dei 20 kommunane der kjønnsskilnaden er størst, ligg 14 kommunar i Nordland, Troms eller Finnmark. Åtte av dei 14 er finnmarkkommunar.

I Kautokeino, der skilnaden mellom kvinner og menn er størst, har 43 prosent av kvinnene høgare utdanning, 26 prosentpoeng høgare enn menn. Utdanningsnivået er jamnast i Oslo og Akershus og i dei store byane, men også her aukar utdanningsnivået til kvinner i høve til menn, ifølgje SSB.

Les også: Kvinner spør lite på forelesingar