Menn skal kvoterast inn på psykologistudiet
Frå neste haust kan mannlege søkarar til psykologiutdanning ved universiteta i Oslo og Bergen og barnevernspedagogutdanninga ved Oslo Met få tilleggspoeng.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Bakgrunnen for avgjerda frå Kunnskapsdepartementet er at det er særleg skeiv kjønnsfordeling ved desse studia.
– Vi ser at studentar vel tradisjonelt når dei skal velje studium, og det er eit mål med betre kjønnsbalanse. Utdanningar som psykologi og barnevernspedagogikk utdannar studentar til å jobbe med menneske og bør rekruttere personar med ulik bakgrunn og røynsler, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).
Fekk avslag
Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen får høve til å gi eitt tilleggspoeng til mannlege søkarar under 22 som søkjer med førstegongsvitnemål. Ved barnevernspedagogutdanninga ved Oslo Met får alle mannlege søkarar to tilleggspoeng.
Universitetet i Oslo fekk tidlegare i år avslag då dei søkte om å innføre ei forsøksordning med ein kvote på 30 prosent menn på psykologistudiet. Søkartala frå i sommar viste at 24,4 prosent av søkarane til studia var menn.
Blant dei som har søkt med førstegongsvitnemål har delen menn lege under 20 prosent i Bergen dei siste tre åra, mens han ved Universitetet i Oslo fall under 20 prosent i år.
Les også: – Menn må våge å grine framfor andre
Førstegongsvitnemål
Bakgrunnen for at departementet avslo søknaden frå Universitetet i Oslo var at den totale delen mannlege studentar på psykologiutdanninga var høgare enn føringane Stortinget har gitt for når slike tiltak kan setjast i verk.
– Ved å rette tiltaket inn mot unge menn som søkjer med resultatet frå førstegongsvitnemålet sitt, held vi oss innanfor Stortingets føringar. Samtidig kan dette bidra til ein betre kjønnsbalanse på psykologistudiet, seier Nybø.
Også desse utdanningane gir ekstrapoeng til mannlege søkarar ved opptak: veterinærstudium og dyrepleiarstudium ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og sjukepleiarstudium ved Lovisenberg diakonale høgskole og Universitetet i Agder.
Kunnskapsdepartementet er i gang med ein gjennomgang av regelverket for kvotar og tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning.