Fylkessamanslåinga: – Staten kan ikkje be om å sleppe å følge si eiga lov

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Staten kan ikkje be om å sleppe å følge si eiga lov, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Måndag fortalde NRK at Fylkesmannen i Vestfold og Telemark ber Kommunal- og moderniseringsdepartementet om å bestemme kva målform dei skal ha bruke som tenestemål.

Eit fleirtal av kommunane i Vestfold og Telemark er nynorskkommunar, og skal difor i følge mållova bruke nynorsk som tenestemål. Sjølv om det er eit fleirtal av kommunane som bruker nynorsk, skriv eit fleirtal av bebuarane bokmål.

Fylkesmannen ønsker å publisere på begge målformer

Fylkesmannen foreslår sjølv at målforma skal vere språknøytral.

– Dette handler om hva vi skal publisere på nett. Hvis departementet bestemmer at vi skal være nynorsk-embete om et år, kommer vi til å publisere på nynorsk. Blir vi språknøytrale, som jeg har foreslått, kommer vi til å publisere på begge målformer, sa Fylkesmannen i går til NRK.

– Fylkesmannens oppgåve er å passe på at kommunar følger vedtatt lovverk, og da blir det lett absurd når fylkesmannen ber om at han sjølv skal få sleppe å følge ei lov han ikkje likar, seier Magne Aasbrenn i ei pressemelding frå Noregs Mållag.

Les også: Nynorskparadokset i Trøndelag

Kjem dårleg ut i kommune- og regionreforma

Aasbrenn trur nynorskmotstanden i Vestfold er overdriven.

– Det er to mållag i Vestfold, Sandar og Sandefjord Mållag og Bakkenteigen. Over 3000 vestfoldingar har valt nynorsk skattemelding. Når det kjem nynorsk frå fylkesmannen, vil eg tru at vestfoldingane taklar det fint, seier Aasbrenn i pressemeldinga.

Noregs Mållag har vore kritisk til korleis nynorsken kjem ut av både kommune- og regionreforma. Nynorsken risikerer å forsvinne når store kommunar blir slegne saman med mindre nynorskkommunar. Slik ser det ut til å gå til dømes i nye Molde kommune. Mållaget peikar på at nynorsk òg er under press i delar av Telemark.

– Meir nynorskbruk frå det offentlege vil vere ei god ryggstø for både nynorskkommunar og einskildbrukarar av nynorsk som treng å sjå meir nynorsk.

Les også: Her er favorittordet deira på nynorsk

Kritisk til argument om folketal

I Noreg blir bruk av nynorsk registrert gjennom det kommunale språket og i skulestatistikk. At det ikkje finst nokon offentleg statistikk som seier noko om kor mange nynorskbrukarar det finst i til dømes Tønsberg, meiner Aasbrenn talar i mot Fylkesmannen.

– Difor er det vanskeleg å argumentere med folketalstyngd i spørsmål om målform, slik fylkesmannen gjer. Om departementet godtek det, vil dei innføre eit heilt nytt prinsipp i måten me forvaltar dei to jamstilte språka våre på, seier Aasbrenn i pressemeldinga.

Han meiner at det at folk i Vestfold og Telemark no kan få sjå litt meir nynorsk er eit gode for alle.

– Det er òg viktig å hugse på at statlege organ framleis skal vende seg til både privatpersonar og kommunar på språket dei ynskjer, seier Aasbrenn.

Les også: No har Os kommune flest nynorskelevar i Noreg